HeimOm kommunen

Om kommunen

Radøy kommune ligg sentralt plassert i Nordhordland, og grensar i sør til Lindås kommune og i nordaust til Austrheim. Kommunesenteret Manger ligg ca 50 kilometer nord for Bergen, og ca 35 kilometer frå Mongstad. Frå 1. januar 2020 vert Radøy kommune slått saman med Meland og Lindås kommunar til Alver kommune. 

Radøy kommune er kjend som den grøne øya, men består til saman av 269 øyer, holmar og skjer. Tilnamnet har kommunen fått på grunn av det frodige, grøne natur- og kulturlandskapet som går heilt ned i sjøkanten.

Kommunen har fleire større bedrifter, mellom anna Radøygruppen på Vetås, Mundal båt i Storsandvik og Plastinvent på industriområdet Olsvollstrand. Desse tre verksemdene profilerer seg under fellesnemninga Subsea Island. Lenger nord i kommunen finn me mellom anna Fiskenett og Stabburet marine produkter.

Radøy kommune er ein kommune i vekst, og har i 2018 5100 innbyggjarar. 

Ynskjer du å bu i Radøy kommune, kan du også gleda deg over eit rikt kulturliv, mange aktive lag- og organisasjonar og fleire idrettsanlegg. Her må me særskilt nemna Radøyhallen, som er det einaste 25 meters-bassenget i heile Nordhordland.

Velkomen til Radøy!


Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 20.11.2018