HjemOm kommunenNordhordland UNESCO biosfæreområde

Nordhordland UNESCO biosfæreområde

Eit biosfæreområde er eit læringsområde for berekraftig utvikling.

Då Nordhordland fekk denne utnemninga, var det ei anerkjenning frå UNESCO om at denne regionen har særskilt gode føresetnader for å utvikla regionen for ei berekraftig framtid.

Og ikkje berre det: UNESCO synest kvalitetane her i vår region er så interessante og viktige, at det ein gjer her skal vera gode døme for andre rundt om i verda.

Området omfattar kommunane Alver, Austrheim, Gulen, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og det som var gamle Øygarden kommune, no del av nye Øygarden.

I tillegg er delar av kommunane Høyanger, Vik og Voss med, og i alt bur det vel 55.000 menneske i området.

Trykk her for å lese meir på nettsida for Nordhordland UNESCO biosfæreområde

Bilete og logo


Sist oppdatert: 06.05.2022
Publisert: 06.05.2022