HeimOm kommunenTilgjengelegheitserklæring

Tilgjengelegheitserklæring

Kva gjeld denne erklæring for?
  • Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for heimesida til Alver kommune.
  • Erklæringa gjeld ikkje andre subdomene under alver.kommune.no, til dømes kommunen si innsynsløysing og skjemaløysing.
Kven er ansvarleg for nettstaden?

Kommunikasjonsavdelinga har systemansvar for alver.kommune.no og skal i tillegg til å halde nettstaden oppdatert. Vi skal:

  • sikre riktig og relevant innhald saman med fagområda
  • sikre klart språk
  • sikre god universell utforming


Vi følgjer standarden "Retningslinjer for universell utforming av nettinnhald (WCAG) 2.1."

Trykk her for å sjå meir om WCAG 2.1-standarden på digitaliseringsdirektoratet sine nettsider

 

Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet går føre seg i samarbeid med vår tekniske leverandør Sem & Stenersen Prokom.

Trykk her for meir informasjon om vår tekniske leverandør på prokom.no

Slik jobber vi med heimesida

Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit er sentralt i arbeidet med vår heimeside.

Alle som skriv innhald har tilgang til malar for klart og tydeleg språk, medan web-ansvarlege kvalitetssikrar og sikrar at krav til universell utforming er stetta.

For å kvalitetssikre vår heimeside bruker vi analyseverktøyet Monsido. 


Vi vil jobbe vidare med innhaldet på alver.kommune.no med mål om at alt innhald skal vere best mogleg universelt utforma.

 

Vi skal mellom anna:

  • oppretthalde og videreutvikle universelt utforma heimeside
  • bruke klart og tydelig språk
  • tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
  • sikre universell utforming ved valg av tredjepartssystem og utvikling av eksisterande system.
  • rydde opp i PDF-filer og erstatte filer som ikkje oppfyller dagens krav.
Status for samsvar med krav

Alver.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.

Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 4 av 47 krav i regelverket. Vi jobber no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.

Gi oss ei tilbakemelding!

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald fordi nettsidene ikke er godt nok universelt utforma?

Send ein e-post til kommunikasjon@alver.kommune.no, eller kontakt ein av våre nettansvarlege.

Silje Andvik Hoaas

avdelingsleiar for innbyggjarservice og kommunikasjon

silje.andvik.hoaas@alver.kommune.no

45662114

Gro Anette Fanebust

kommunikasjonsrådgjevar

gro.anette.fanebust@alver.kommune.no

40814685

Marianne Feste

kommunikasjonsrådgjevar

marianne.feste@alver.kommune.no

95859503


Sist oppdatert: 25.01.2023
Publisert: 25.01.2023