HjemNyheiterVil ha Christian Fotland som ny kommunedirektør

Vil ha Christian Fotland som ny kommunedirektør

Kommunestyret har gjort endeleg vedtak, og ønskjer Christian Fotland velkommen til Alver frå 1. januar 2024.
Publisert: 21.09.2023
Sist endra: 29.09.2023

Oppdatert 29. september:

Kommunestyret støttar innstillinga til rekrutteringsutvalet og går samrøystes inn for at Christian Fotland skal bli Alver kommune sin nye kommunedirektør frå 1. januar 2024.

Det endelege vedtaket vart gjort i eit ekstraordinært kommunestyremøte 28. september.

Artikkel frå 21. september:

– Etter ein grundig prosess med mange gode søkjarar, har vi endeleg landa. Christian Fotland er rett mann for jobben, seier Sara Hamre Sekkingstad.

Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad har vore leiar for rekrutteringsutvalet, som i tillegg har bestått av varaordførar Nina Bognøy (Ap), Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Nils Marton Aadland (H) og Morten Klementsen (UAVH). Jarle Næss (UDF) og Liv Berit Haukås (FF) har vore med som hovudtillitsvalde.

I dag la rekrutteringsutvalet fram ei samrøystes innstilling til formannskapet, som støtta innstillinga og sendte saka vidare. Torsdag 28. september får kommunestyret stafettpinnen, og skal ta endeleg stilling til om Christian Fotland blir Alver kommune sin nye kommunedirektør frå 1. januar 2024.

– Alver kommune skal gjennom ein krevjande prosess for å få økonomien på rett kjøl. Christian Fotland har erfaring frå liknande prosessar. Vi er difor trygge på at han kan gjere ein god jobb for Alver, seier Sekkingstad.

Dei tillitsvalde er einige med ordførar, og meiner at Christian Fotland vil vere rett mann på rett plass - både for innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Christian Fotland har vore rådmann i Radøy og Lillehammer og er no kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune. Han er adjunkt og har tilleggsutdanning i organisasjonsleiing.