HjemNyheiterVil du bli helsefagarbeidar?

Vil du bli helsefagarbeidar?

Alver kommune tilbyr arbeidssøkande menn ein unik sjanse til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom prosjektet Menn i helse.
Publisert: 22.01.2024
Sist endra: 22.01.2024

Menn i helse skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er vi på leiting etter nye deltakarar til kull 2024.

Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkande menn i alderen 25 til 55 år.

Deltakarane får tittelen helserekruttar og under utdanninga blir det veksla mellom å få yting frå NAV og lønn frå kommunen.

Bli med på informasjonsmøte

Ta sjansen å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der du får informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er også til stades og deler sine erfaringar.

Tid og stad: 30. januar kl. 12 til 14.30 på Amalie Skram vidaregåande skule, Lungegårdskaien i Bergen. 

Trykk her for meir informasjon og påmelding. 

I etterkant av møtet blir det gjennomført intervju. Etter intervjuet vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 vekers praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande.

Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Eller kjenner du nokon dette passar for? Tips dei om Menn i helse!

Har du spørsmål om Menn i helse?

Ta kontakt med fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl på: