HjemNyheiterVi søkjer etter utleigebustader for tilvisingsavtale med Husbanken

Vi søkjer etter utleigebustader for tilvisingsavtale med Husbanken

Vi har behov for fleire utleigebustadar i perioden 2024-2027. Vi ønsker difor å inngå tilvisingsavtale med firma som har formål om å eige, forvalte og leige ut bustadar.
Publisert: 27.11.2023
Sist endra: 16.01.2024

Grunnlag for denne utlysinga finn ein i Kommunestyre sak 128/23 møte 05.10.23 - Utleigebustader med tilvisingsavtale i Alver kommune

I saka vedtok kommunestyret:

«Kommunestyret godkjenner at kommunedirektøren nytter Husbanken sitt verkemiddel om utleigebustader med tilvisingsavtale med følgande føringar:

  1. Kommunedirektøren utlyser trepartssamarbeid med tilvisingsavtale med til ei kvar tid 40 % tilvisingsrett av eit samla volum med 250 bueiningar i perioden 2024-2027.
  2. Kommunedirektøren kan i einskilde prosjekt vurdere å nytte tilvisingsavtale med tildelingsrett 100% av bustadane.
  3. Lokalisering av prosjekta skal ivareta senterstrukturen.
  4. Om det er trong for kommunal personalbase nær eller med bustadprosjekta kan kommunen vurdere leige eller kjøp.
  5. Ved kjøp vil ein kunne nytte finansiering jamfør kommunestyre sak 047/23. Renter og avdrag vert tatt med i rullering av handlings- og økonomiplan 2024-2027.»

Alver kommune har trong for utleigebustader av ulik storleik og tal rom til personar som grunna helse, økonomi og/eller sosiale tilhøve inklusiv flyktningar treng bistand til å skaffe eller behalde eigna bustad i tenleg bumiljø.

Vi ønsker å inngå tilvisingsavtaler med profesjonelle utleigeaktørar som vil bygge, kjøpe eller bygge om eksisterande bygg til utleigeføremål, slik at målgruppa vert sikra trygge og stabile leige- og butilhøve.

Kommunen ønskjer primært å nytte ordninga tilvisingsavtale der utleigar søkjer med lån hjå Husbanken. Her har kommunen tilvisingsrett til alle bustadane i prosjektet i 20 år, men vil til ei kvar tid berre kunne tilvise inntil 40 prosent av bustadane. Dei øvrige 60 prosent av bustadane i prosjektet vert då ordinære utleigebustader. Ordninga gjeld for personar som i noko mindre grad har trong for tenesteoppfølging.

Kommunen kan sekundært i einskilde høve vurdere ordninga tilvisingsavtale (tildelingsavtale) der utleigar søkjer både lån og tilskot hjå Husbanken. Her har kommunen tildelingsrett til 100% av bustadane i prosjektet i 30 år. Ordninga gjeld for personar som i større grad har trong for tenesteoppfølging.

Kva er ein tilvisingsavtale?

  • er ein avtale og eit samarbeid mellom kommunen og privat utleigar
  • gir kommunen tilvisingsrett til bustadane i minst 20 år
  • gir moglegheit til lån og tilskot frå Husbanken
  • er meint for husstandar med ulik grad av behov for oppfølging frå kommunen


Ein tilvisingsavtale gir kommunen rett til å tilvise bustadsøkjarar til bustadane som er omfatta av avtalen. Bustadeigar inngår deretter leigeavtale med den einskilde bustadsøkjar. Kommunen er ikkje bunden av ein leigeavtale og er ikkje økonomisk part i leigeforholdet.
Dersom kommunen ikkje har aktuell bustadsøkjar, kan bustaden leigast ut på den opne marknaden i samsvar med vilkår og fristar som er gitt i avtalen.

Gjennom ein slik langsiktig avtale har kommunen rett til å tilvise vanskelegstilte personar og familiar til 40 % av bustadane i eit prosjekt i minst 20 år. Dersom eit utleigeprosjekt får både lån og tilskot, kan kommunen tilvise bustadsøkjarar til alle bustadane i prosjektet.
Privatpersonar som leiger ut delar av eigen bustad vert ikkje sett på som profesjonelle og kan ikkje inngå tilvisingsavtale med kommunen.

Les meir om tilvisingsavtalar og aktuelle malar på husbanken sine heimesider Husbanken - Utleigebustader med tilvisingsavtaler.


Omfang, bumiljø og lokalisering

Vi ønskjer tilbod på ulike prosjekt i perioden 2024-2027 med eit samla volum 250 bueiningar med ulike bustadtyper, storleik og buformer.

Prosjekt må vere i tråd med eventuelle områdeplanar eller andre kommunale føringar om ønska bustadutvikling. Det er ikkje krav om at prosjektering er ferdig, men prosjekt må som minimum ha fått rammegodkjenning frå kommunen. 

Les meir på Husbanken - Rettleiar for lån frå Husbanken.

Bustadane skal vere av god kvalitet og ha variert samansetting, utforming og planløysing. Prosjekt som tilfører nærmiljøet ein positiv meirverdi vert vektlagt.

Nærleik til ulike funksjonar som handel og tenester, idrett- og kulturliv samt offentleg kommunikasjon vert vektlagt.

Lokalisering av prosjekt skal primært ivareta til ei kvar tid gjeldande behovsvurderingar for målgruppa, samt senterstruktur i Alver.

Omtale av senterstruktur finn ein her: Kommuneplan samfunnsdel prinsipp for senterutvikling

Bustadane skal ha kvalitet/standard jamfør Husbanken sine krav samt at kommunen ønsker bustader md livsløpsstandard og universell tilgang. Der det ikkje vert stilt andre krav gjeld Byggteknisk forskrift (Tek 17).

Trykk her for Byggteknisk forskrift (Tek 17).

Det er forventa at bustadane inngår i ordinære bumiljø, og ein føreset at utleigar bidrar til å fremme og utvikle gode bumiljø gjennom oppfølging av dette. Vi ber generelt om at tilbydar grunngjev korleis prosjektet tilbyr bustader av god kvalitet i eit godt bumiljø.

Krav til utleigeselskap

Desse reglane gjeld for profesjonelle utleigarar som skal inngå tilvisingsavtale med kommunen og søke lån frå husbanken.

  • Utleigar har som formål å eige, forvalte og leige ut bustadar til personar etter avtale med kommunen.
  • Utleigar inngår ein samarbeidsavtale med kommunen.
  • Utleigeforholdet baserast på husleigekontrakter etter husleigelova.
  • Utleigar aksepterer NAV garanti som depositum
  • Leigetakarar som ikkje blir tilvist frå kommunen får tilbod om minimum 5 års leigekontrakt.

Utbyggerar kan tilby bustadar i fleire prosjekt og må sjølve skaffe tomter til prosjekta.

Tilbodet må innehalde følgjande dokumentasjon
Skildring av utleigeselskapet med firmaattest og skatteattest nyare enn 6 månader. Plan, snitt og fasadeteikningar av utleigebygg, samt situasjonsplan.

Ved val av aktør / prosjekt vil vi m.a. vektlegge:

  • skildring av utleigeselskapet
  • plan for forvaltning av bebuarar og bumiljø
  • husleigenivå
  • kvalitet- og bustadstandard
  • tidspunkt for ferdigstilling
  • livsløpsstandard ved nybygg
  • nærleik til ulike funksjonar som handel og tenester, idrett- og kulturliv samt offentleg kommunikasjon.


All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.

Tilbod skal sendast til Alver kommune ved post@alver.kommune.no

For meir informasjon ta kontakt med rådgjevar Hilde Rydland hilde.rydland@alver.kommune.no v/Eigedomsforvaltning.

 

Invitasjon til temasamling om ordninga 16. januar

Alver kommune vil saman med Husbanken invitere utbyggjarar/utleigefirma til ei temasamling om tilvisingsavtalekonseptet. Her vil vi informere meir om føringar og rammer for samarbeid kommune-bransje-husbank.

Vi planlegg for temasamling tirsdag 16. januar 2024 kl. 1130-1400 (obs: nytt klokkeslett) på kommunehuset Frekhaug.

Agenda og informasjon om påmelding vert informert ut innan medio desember.