HjemNyheiterVi søker engasjerte ungdommar

Vi søker engasjerte ungdommar

23. oktober er det val av nye representantar til Alver ungdomsråd.
Publisert: 05.10.2023
Sist endra: 16.10.2023

For å kunne bli valt må du bu i Alver, og vere født mellom 2005–2010.

Sjølv om du går på skule utanfor kommunen, kan du vere med i ungdomsrådet.

Nominasjon og val

Ungdom kan nominere seg sjølv, eller bli nominerte av andre.

Trykk her for å nominere 

Frist for å nominere er måndag 23. oktober klokka 17.00.

Det skal veljast fire representantar med vara frå lag/organisasjonar, og tre representantar med vara frå videregåande skule. Totalt 14 hovudrepresentantar og vara.

Ungdomsskulane veljer sine representantar gjennom elevråd. Totalt 16 hovud- og vararepresentantar.

Ungdom frå lag/organisasjon kan vere aktive i eit lag eller ein ungdomsklubb, og bli nominert av nokon i laget/organisasjonen/klubben.

Ungdom frå vidaregåande kan nominere seg sjølv eller andre.

Gjennomføring av val og påmelding til valdag

Valet blir måndag 23. oktober kl 18.00 i kantina i Nordhordlandshallen.

Valet er organisert som eit ope allmøte der all ungdom som er busette i Alver kommune og er fødde mellom 2005 og 2010 kan møte med stemmerett.

Dei nominerte vert presenterte og valet vil blir gjennomført ved skriftleg anonymt val.

Dei nominerte må sjølv delta på møtet for å bli valde.

Obligatorisk opplæring for det nye ungdomsrådet er måndag 30. oktober på dagtid.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med Robert Lorang Hansen på robert.lorang.hansen@alver.kommune.no, eller telefon 95 52 20 70

Du kan og nominere ved å sende e-post eller SMS til ungdomskoordinator, Robert.