HjemNyheiterTre kunstnarar fekk kulturstipend

Tre kunstnarar fekk kulturstipend

Dei tre er alle dyktige musikarar.
Publisert: 25.03.2024
Sist endra: 25.03.2024

Dei som fekk kulturstipend er: 

Amalie Hvidsten Duesund fullførte i 2023 mastergrad i utøvande klassisk musikk ved Norges Musikkhøyskole. Hovudinstrument hennar er fløyte. Amalie er i etableringsfasen som musikar, der ho skal gjennomføre orkesterprøvespelingar i inn- og utland.

Alver kommune tildeler Amalie eit etableringsstipend slik at ho kan eksponere seg for og gjennomføre orkesterjobbar, ta meisterklassar og privattimar for å halde fram med utviklinga og finjustering av ferdigheiter.

Kristian Fanavoll Tvedt er musikar, produsent, låtskrivar og mikseteknikar med base på Frekhaug. Kristian har hatt dette som verke sidan 2006 og har delteke på mange spanande norske musikkprosjekt.

Alver kommune tildeler Kristian eit stipend slik at han kan utvikle seg som låtskrivar og produsent, med fokus på lokalt arbeid og internasjonale samarbeid.

Simon Furnes er ein musikar frå Alver som for tida studerer ved masterprogrammet for utøvande rytmisk musikk ved Universitetet i Agder.
Simon arbeider med å lage nye arrangement på kjente barnesongar, eit eige komposisjonsprosjekt, i tillegg til at han ynskjer å gjennomføre konsertverksemd og innspeling av musikkvideo i Alver.

Alver kommune tildeler Simon eit stipend slik at han kan halde fram med å utvikle musikkprosjekta sine.

Kristian Fanavoll Tvedt (til venstre) og Simon Furnes fekk måndag 25. mars kulturstipend frå Alver kommune. Amalie Hvidsten Duesund kunne dessverre ikkje delta på utdelinga.