HjemNyheiterTilbod om ein ny start for unge

Tilbod om ein ny start for unge

Er du mellom 15 og 25 år, og står utan jobb eller skule? Då vil vi gjerne hjelpe deg.
Publisert: 09.11.2023
Sist endra: 15.11.2023

Treng du hjelp til å finne ein jobb eller til å finne ut kva du vil bli? Står du fast, og vil at noko skal skje no?

Då vil vi i Friskliv og Meistring, saman med JobbMot, gjerne hjelpe deg. 

Prosjektet "Ny start" skal styrke deltakarane si heilheitlege helse gjennom livsmestring og inkludering, og tema for samlingane er mellom anna utanforskap, søvn, motivasjon, endring, meistring, kosthald, ernæring, fysisk aktivitet, og vegen vidare.

Vi ynskjer å hjelpe ungdom som har falt utanfor arbeidslivet, og/eller har avslutta skulegang. Målet er å skape gode tiltak som kan bygge opp under eigen meistring og etablere og vidareføre gode relasjoner.

Fokuset skal vere på deltakarane sine eigne ynskje, ressursar og situasjon, med mål om aktivitet. Deltaking, tilhøyrigheit og meistring gir betre helse og førebyggjer utanforskap.

Saman finn vi den vegen som passar deltakaren mot arbeid, utdanning eller aktivitet.

Om samlingane:

Oppstart er onsdag 31. januar kl 11.30 - 14.00. Samlingane blir på  Helsehuset i Knarvik 1 gong i veka.

  • Her vil vi saman med deltakarane utforske og identifisere deira interesser, ressursar og kompetanse.
  • Saman legg vi ein konkret plan på korleis du skal nå måla, og kan støtte deg på vegen

Kven kan ta kontakt?

  • Ungdom frå 10.-klasse til 25 år som bur i Nordhordlandskommunane (Alver, Osterøy, Austrheim, Modalen, Fedje, Gulen, Masfjorden eller Solund kommune).
  • Føresette til ungdom i målgruppa som ønskjer råd/informasjon. Dersom ein ønskjer å vere med på ein samtale i lag med ungdommen, er det også mogleg.

Korleis melder eg meg på?

Trykk her for meir informasjon og påmelding (heilt nede på sida).

 

Kort om Jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeid:

Jobbmot er eit pilotprosjekt frå NAV region Nordhordland og kommunane i Nordhordland. Tilbodet skal hjelpe ungdom å få rask og koordinert tilgang på hjelp for å kome i arbeid eller utdanning.