HjemNyheiterStenging av matrikkelen og grunnboka i desember

Stenging av matrikkelen og grunnboka i desember

Grunna dataendringar blir matrikkelen og grunnboka stengt for brukarar ein periode mot nyttårsskiftet 2023/2024.
Publisert: 23.11.2023
Sist endra: 23.11.2023

Bakgrunnen er at Stortinget 14.juni vedtok at 2022 at tre fylker skal bli til sju og at ein kommune skal splittast. Med bakgrunn i tildeling av nye fylkes- og kommunenummer har Kartverket estimert tal endringar i matrikkel og grunnbok til å liggje på rundt 50 millionar endringar.

For å redusere risiko og sikre kvaliteten på gjennomføringa av dataendringane, blir matrikkelen og grunnboka stengt for brukarar mot nyttårsskiftet 2023/2024.

  • Matrikkelen stenger fredag 15. desember kl. 18:00.
  • Grunnboka stenger fredag 29.desember kl. 20:00.

Særskilt om føring av konsesjonsopplysingar:

Alle eigenfråsegner om konsesjonsfritak og alle konsesjonsvedtak som er fatta, må vere registrert i matrikkelen innan fredag 15. desember kl. 18:00.

Dersom innbyggjarar/eigedomsmeklarar sender inn eigenfråsegn om konsesjonsfritak i tidsrommet 15.12.2023-01.01.2024, må dei ta kontakt med kommunen for å avklare innsendinga til Kartverket.

Ta kontakt med kommunen ved oppmålingskontoret eller landbrukskontoret dersom de planlegg å tinglyse skøyte/heimelsovergang i tidsrommet 15.12.2023-01.01.2024.