HjemNyheiterSakna bekymringsmelding er kome til rette

Sakna bekymringsmelding er kome til rette

Innhaldet i den sakna bekymringsmeldinga til barnevernet frå 17. mars 2023 er funnen, og saka er behandla.
Publisert: 15.06.2023
Sist endra: 15.06.2023

- Dette er vi utruleg glade for, seier leiar for barnevernet i Alver, Sissel Mary Frotjold.

Barnevernet fekk tilleggsinformasjon knytt til den aktuelle bekymringsmeldinga kort tid etter den skulle vore mottatt. Barnevernet tok då kontakt med meldar og bekymringsmeldinga vart sendt inn på nytt. Saka er behandla innan fristen.

Bekymringsmeldinga var registrert av ein offentleg meldar, og saka som var meldt inn, blei ikkje definert som akutt.

Oppdaga teknisk feil

Måndag 5. juni opplyste Bergen kommune at dei hadde avdekka at enkelte bekymringsmeldingar som var meldt til barnevernet, ikkje hadde kome fram grunna teknisk feil.

Feilen var knytt til samhandlinga mellom den nasjonale meldingsportalen for innsending av bekymringsmeldingar til barnevernet og Visma Familia, som er fagsystemet som også barnevernstenesta i Alver brukar.