HjemNyheiterØkonomisk rådgiving frå NAV Alver

Økonomisk rådgiving frå NAV Alver

Treng du råd til privatøkonomien din? Frå september kan du få økonomisk rådgiving kvar tysdag.
Publisert: 14.08.2023
Sist endra: 14.08.2023

Alver kommune startar opp med nytt drop-in-tilbod for økonomisk
rådgiving kvar tysdag frå klokka 10.00 til 12.00 hos NAV Alver.

Første opningsdag vert tysdag 5. september. 

Trykk her for meir informasjon om NAV Alver.

Nettkurs - tips til betre økonomi

Dette er eit kurs for alle – uansett inntekt og forkunnskapar om
økonomiske forhold.

På kurset får vi følge Ole og utfordringane han har med sin økonomi.
Kurset har ei praktisk tilnærming, der råd som blir gitt til Ole kan
overførast til eigen økonomi.

Trykk her om du vil ta kurset.