HjemNyheiterNytt saksbehandlingssystem kan føre til auka saksbehandlingstid i ein periode

Nytt saksbehandlingssystem kan føre til auka saksbehandlingstid i ein periode

Kommunane i Nordhordland går over til nytt saksbehandlingssystem for arkiv, politiske møte og innsyn den 20.11.23. Vi gjer vårt beste for at dette i minst mogeleg grad skal gå utover deg som innbyggjar.
Publisert: 27.11.2023
Sist endra: 27.11.2023
  • Postregistrering og sakshandsaming kan likevel kome til å ta litt lenger tid enn vanleg. Endringa gjeld fleire system, og uføresette hendingar kan oppstå.
  • Mellom 13. og 20. november vil det ikkje bli oppretta nye saker.
  • Kommunen vil ikkje ha på plass fulltekstpublisering av arkiva GBNR, PLAN og LANDBRUK ei tid framover. Det betyr at dokument knytt til arkiva GBNR, PLAN og LAND ikkje er tilgjengeleg for lesing og nedlasting på heimesida. Publikum må då, som for dei andre arkiva, bestille innsyn frå postlista.
  • Som ein del av det nye saksystemet vil kommunen få tilgang til eByggesak. Dette er eit system som er laga for å ta imot dei elektroniske byggesøknadane som kjem frå leverandørar som til dømes ebyggesok.no, byggesoknaden.no eller Holte Byggsøk.

Kvifor bytar vi system?

Kommunen er avhengig av gode system for sakshandsaming, dokumentasjonsforvaltning, arkiv, politiske møter og innsyn med tanke på sikkerheit, kvalitet og dialog med deg som innbyggjar.

Alver kommune er ein del av IKT Nordhordland, og innkjøp av nye system skjer saman med dei andre kommunane i samarbeidet. I år gjekk avtalen med tidlegare leverandør ut, og etter ein anbods- og førebuingsprosess er vi no klare for å ta i bruk nytt system.