HjemNyheiterSøk barnehageplass for 2024/2025

Søk barnehageplass for 2024/2025

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars 2024.
Publisert: 11.12.2023
Sist endra: 11.12.2023

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • Bu i kommunen.
  • Søke barnehageplass innan fristen for hovudopptaket som er 1. mars.

Dersom barnet ditt fyller eitt år i august, september, oktober eller november, har du rett på plass frå den månaden barnet ditt fyller år.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Kommunen prioriterer å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • Barn med nedsett funksjonsevne.
  • Barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd.

Søker du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å legge ved dokumentasjon i søknaden innan søknadsfristen 1. mars. 

Kva kostar ein barnehageplass? 

Frå 1. januar 2024 er maksimalpris for ein barnehageplass 3.000 kroner per månad. Matpengar kjem i tillegg.

Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen (søskenmoderasjon) eller har låg inntekt.

Trykk her for informasjon om reglane for redusert foreldrebetaling i barnehage.

Trykk her for meir informasjon om barnehageopptaket.