HjemNyheiterMika er Katrine sin firbeinte medhjelpar

Mika er Katrine sin firbeinte medhjelpar

Psykiatrisk sjukepleiar Katrine Mariann Skauge har ein firbeint medhjelpar i arbeidet sitt i avdeling for psykisk helse og rus.
Publisert: 21.06.2023
Sist endra: 21.06.2023

Halvanna år gamle Mika tar imot oss på kontoret med årvåken interesse og glede. Han er på veg til å bli utdanna terapihund.

Katrine brukar hunden hovudsakleg i ein til ein-situasjon og nokon gonger i små grupper.

– For mange kan ein hund i rommet vera med å opna opp i ein samtale, seier ho.

Dei er eit godt team. Mika har vore med Katrine nesten kvar dag sidan han var berre ni veker gamal. Her har han blitt van med å vera i terapirommet saman med Katrine og den ho snakkar med.

– Mika er veldig grei å samarbeida med, seier Katrine. Han kjem fort i rett modus når ho vil ha han i aktivitet, og han har lært seg kor tid han ikkje skal vera i fokus, men berre ligga heilt i ro. Han viser tillit når han legg seg til ro ved beina til den ho skal hjelpa.

Må vera glad i menneske

Katrine har Mika med seg der ho er, også på møte og når ho er på institusjonar. Ho understrekar at ein terapihund må vera glad i menneske, han må tåla å treffa ulike typar menneske i ulike situasjonar og sinnsstemningar. For at han skal bli van med og trygg i ulike situasjonar og stader, må dette trenast på.

Difor er det ekstra god trening å ta han med i ulike bygg og der det er mange menneske samla, som til dømes på undervisning eller møter. Han kan difor vera å sjå i gangane på ulike bygg i kommunen.

– I jobbsamanheng må hunden vera roleg, forsiktig og trygg, men samtidig kontaktskapande og klar for aktivitetar og leik når situasjonen tilseier det. Han må rett og slett ha evna til å skru seg av og på, alt etter kva den han skal hjelpa treng, seier den psykiatriske sjukepleiaren.

Opplevest «mindre farleg»

Katrine har erfart at berre det at Mika er i rommet kan gjera det lettare å koma i gang med ein samtale, og situasjonen kan opplevast «mindre «farleg».

– Møte med ein hund kan redusera stress og føra til at blodtrykket går ned. Ja, rett og slett gjera at produksjonen av «gledes-hormonene» går opp og «stress-hormonene» går ned. Og når me snakkar om vanskelege ting kan det vera fint med ein pause, og då kan me retta fokus på hunden. Då kan han bli ein «buffer» i samtalen, seier den psykiatriske sjukepleiaren med kontor i Frekhaug senter.

Mika er ein stor puddel, også omtalt som kongepuddel. Då Katrine skulle få seg hund, valde ho rase også med tanke på at ho skulle ha ein terapihund.

– Det er viktig at ein terapihund må ha eit godt lynne. Denne rasen er kjend for å vera lærevillig, intelligent, sosial og glad i menneske, fortel Katrine. Og det er også ein stor fordel at han ikkje røyter og er allergi-venleg.

– Berre det at Mika er i rommet kan gjera det lettare å koma i gang med ein samtale, og situasjonen kan opplevast «mindre «farleg», seier psykiatrisk sjukepleiar Katrine Mariann Skauge i avdeling for psykisk helse og rus i Alver kommune. Foto: Arthur Kleiveland

Skapar glede «overalt»

Mika viser med heile kroppen at han er glad for å sjå deg. Og gjensynsgleda er stor, forsikrar Katrine. Ho har hatt langt større nytte av hunden under opplæring enn ho hadde våga håpa på.

Mika er framleis under opptrening. Han må vera to år og gjennomføra fleire kurs før han kan godkjennast som terapihund. Også Katrine må gjennom ein del prøvar og eksamen.

Det blir stadig fleire terapihundar her i landet, men langt nær så mange som Skauge kunne tenkt seg. Ho er overbevist om at bruk av dyr i helsevesenet har positiv påverknad på pasientane og miljøet i avdelingane.

– Berre sjå kor mykje glede det skapar når nokon tar med seg ein hund, eller eit anna dyr på sjukeheimen. For mange slår det ut i gode kjensler og reaksjonar når du kan klappa eit dyr, eller at det legg seg inntil deg og viser at det både likar og stolar på deg, seier ho.