HjemNyheiterKva gjer du ved mistanke om fugleinfluensa?

Kva gjer du ved mistanke om fugleinfluensa?

Finn du daude eller sjuke fuglar og andre dyr, og har mistanke om at det er fugleinfluensa, så skal du melda frå til Mattilsynet.
Publisert: 05.08.2023
Sist endra: 05.08.2023

Per no er det ikkje mistanke om at den siste bølgja med fugleinfluensa har komme til Alver kommune. Mattilsynet har tatt prøvar av fugl frå både Alver og Masfjorden, utan å finna spor etter sjukdommen.

Men samstundes er smitten påvist i fuglar som det vart tatt prøvar av tidlegare i år i Øygarden (januar 2023), Bergen (april 2023) og Bjørnafjorden (april 2023).

Mattilsynet ønskjer melding ved funn av desse artane:

Symptom på fugleinfluensa hjå villfugl vil variera utifrå art, stadiet i sjukdomsforløpet og virusvariant. Dei mest vanlege symptoma er nedsett skyhet, balanseproblem, unormal vriding av hovudet og vanskar med å flyga. Ein fugl kan vera smitta med fugleinfluensa sjølv om den ikkje viser alle symptoma samstundes.

Dei mest rapporterte kliniske symptoma hjå sjuke rovdyr er sirkelgange, skjev stilling av hovudet og dårleg balanse.

Mattilsynet ønskjer å få meldinga på e-post til denne adressa: innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no 

  • Kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finna i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
  • Kva art det gjeld
  • Kor mange fuglar det gjeld

Les meir på heimesida til Mattilsynet og Veterinærinstituttet:

Alver kommune har per i dag ikkje ei ordning for mottak av daude fuglar, sidan det ikkje er smitte her per no.