HjemNyheiterInformasjonsmøte om asylmottak på Radøy

Informasjonsmøte om asylmottak på Radøy

Torsdag 7. desember inviterer Alver kommune til eit ope informasjonsmøte om etablering av asylmottak på Radøytunet.
Publisert: 01.12.2023
Sist endra: 01.12.2023

– Vi har fått melding frå UDI om at Hero skal etablere eit asylmottak på Radøytunet 8. januar 2024. Det er viktig at vi som kommune og lokalsamfunnet rundt har ein tett diaog med Hero, seier Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Difor inviterer kommunen til eit ope møte, der alle som ønskjer det kan få informasjon og stille spørsmål. Representantar frå UDI og Hero blir med på møtet, og vil informere om det som skal skje på Radøytunet på nyåret.

– Eg oppmodar innbyggjarar i området om å stille på møte i Hordabøhallen denne kvelden, og håpar vi kan få til eit godt samarbeid med lokalsamfunnet og frivillige lag og organisasjonar i kommunen, seier Sekkingstad.

Møtet startar klokka 19.00. Det er ikkje nødvendig å melde seg på.