HjemNyheiterHeimevernsøving fram til 3. november

Heimevernsøving fram til 3. november

I tida mellom fredag 27. oktober og fredag 3. november vil det vere øvingsaktivitet i regionen.
Publisert: 31.10.2023
Sist endra: 31.10.2023

Fleire einingar skal trene parallelt, og det vil vere aktivitet i både Austrheim, Alver, Gulen, Masfjorden og Modalen.

Det vil vere aktivitet på og langs veg, og i terrenget, og ein kan møte på uniformert personell som ber våpen. Lokale skytebaner vil bli brukte til trening, og utanom desse kan det bli gjennomført øvingar med lausammunisjon.

Publikum blir oppfordra til å etterkomme skilting og oppmodingar frå militært personell.