HjemNyheiterHar pandemien ført til tap for verksemda di?

Har pandemien ført til tap for verksemda di?

Då kan du søkje lokale kompensasjonsmiddel. Søknadsfrist er 20. desember.
Publisert: 21.11.2023
Sist endra: 21.11.2023

Alver kommune gjennomfører ein lokal utlysningsrunde av kompensasjonsmiddel på kroner 200.000,- for verksemder som er råka av smitteverntiltak grunna korona-pandemien.

Føremålet med tilskotet er å avhjelpe verksemder som framleis har utfordringar etter pandemien, og som kan dokumentere omsetnadssvikt eller ekstra kostnader som følgje av smitteverntiltak.

Utgangspunktet for denne vurderinga er rekneskapstal for 2021 og 2022. Kriteria for den siste runden i den nasjonale ordninga vil vere grunnlag for denne lokale ordninga.

Kven kan søkje?

  • Kompensasjonsordninga gjeld for bransjane servering, overnatting, sport og fritid, reisebyrå og - arrangør, kunst og underhaldning og kongress-, messe- og utstillingsverksemd.
  • Verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane, som til dømes nystarta verksemder, vil bli særskilt vurdert.
  • Søkjar må beskrive utfordringar verksemda framleis har og dokumentere omsetnadssvikt eller ekstra kostnader som følgje av smitteverntiltak grunna korona-pandemien.
  • Rekneskap for 2021 og 2022.
  • For å få stønad kan ikkje verksemda vere under konkurshandsaming eller avvikling.
  • Stønad blir gjeve etter reglar for bagatellmessig stønad. Søkjarar må dokumentere eventuell anna offentleg støtte i løpet av åra 2020, 2021 og 2022.

Nivået på stønaden heng saman med antal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Slik søkjer du:

Trykk her for å søkje

Søknadsfrist: 20. desember 2023.