HjemNyheiterHar funne asbest i gymsalen på Manger

Har funne asbest i gymsalen på Manger

Oppdatert 13/2: .Grundigare analysar av takplatene visar at dei ikkje inneheld asbest likevel.
Publisert: 07.02.2024
Sist endra: 13.02.2024

Oppdatert informasjon 13. februar

Selskapet som undersøkte takplatene var først sikre på at dei inneheld asbest. No visar analysar at kommunen kan friskmelde gymsalen.

– Det er vi glade for, seier kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.

Gymsalen har vore stengt sidan tilsette på skulen fann det dei mistenkte kunne vere platar med asbest. Etter dette inviterte kommunen det same selskapet til å undersøke resten av skulen.

– Vi reknar med at vi får rapport frå dei siste undersøkingane i neste veke, og vil informere tilsette, elevar og føresette så snart vi får konklusjonane i den siste rapporten, seier Moe.

Ho rosar rektor og tilsette på skulen for måten dei snudde seg rundt og inviterte elevane til ein alternativ skuledag torsdag 8. februar.

­– Dei har varetatt elevar og føresette på ein god måte, seier ho.

Ikkje farleg å vere på skulen

Kommunen bestilte ei undersøking av gymsalen, då tilsette gjorde arbeid i taket fredag 2. februar og fann plater dei mistenkte hadde asbest i seg.

Eriksen HMS la fram ein rapport onsdag 7. februar, der det stod at dei hadde funne takplater med asbest i gymsalen. Seinare viste analysar av takplatene at dei ikkje inneheld asbest, likevel.

– Vi har ikkje gjort funn i andre delar av skulen, men har likevel bestilt nye undersøkingar for å vere på den sikre sida.