HjemNyheiterGratulerer med den internasjonale eldredagen!

Gratulerer med den internasjonale eldredagen!

Dagen blir markert 1. oktober kvart år verda over. Her kan du lese helsing frå ordførar Sara Hamre Sekkingstad.
Publisert: 01.10.2023
Sist endra: 01.10.2023

Gratulerer med den internasjonale eldredagen!

I 1990 utpeika FN si generalforsamling 1. oktober som den internasjonale eldredagen, og sidan den gong har dagen vore markert kvart år verda over.

Befolkninga i verda eldast i eit raskare tempo enn tidlegare, og i Noreg er tal på personar som er 70 år eller eldre forventa å nesten doblast innan 2060. Dette understrekar betydninga av å fremje helse og forebygge gjennom heile livet.

FN har erklært 2021-2030 for tiåret for sunn alderdom. Eit av måla er å rette merksemd mot eldre mennesker sitt behov når det kjem til helse og korleis eldre tar vare på eiga helse og livskvalitet.

For å sikre at flest mogleg får ein god og sunn alderdom, kan vi som kommune vere med å leggje til rette for at eldre skal kunne leve på sine premiss og tilpasse oss eit aukande tal på eldre i kommunen vår.

Den eldre del av befolkninga vår er viktige ressursar i samfunnet vårt. I Alver har vi fleire tilbod, både til deg som ønskjer å bidra, og til deg som ønskjer å møte andre. Frivilligssentralane i kommunen skapar møteplassar både for deg som vil ta ein kopp kaffi med andre og deg som ønskjer å vere i aktivitet i kvardagen. I tillegg har vi mange lag og organisasjonar som bidrar til å skape aktivitet for folk i alle aldrar.

Uavhengig av kva du liker å bruke tida på, så håper eg at du finn noko som passar for deg her i Alver. Og eg håpar du oppsøker tilboda, blir med og tar kontakt for å delta, læra og ha det kjekt. Ta gjerne med ein nabo eller ein ven. Kanskje kan de lære noko av kvarandre.

For meg er det viktig at eldre i Alver skal leve gode og aktive liv, og kunne ta del i samfunnet og kjenne til rettane sine, og det er vår jobb som politikarar å leggje til rette for dette. Derfor er det viktig at du brukar kanalane du har for å påverke og tar kontakt om det er noko vi kan gjere betre i vår kommune!

Igjen, gratulerer med dagen!