HjemNyheiterEnkelte digitale brev frå helsestasjon- og jordmortenesta har i ein periode ikkje kome fram til mottakar

Enkelte digitale brev frå helsestasjon- og jordmortenesta har i ein periode ikkje kome fram til mottakar

Oppdatert: Årsaka til feilen er funnen og er retta opp i.
Publisert: 13.12.2023
Sist endra: 14.12.2023

Helsestasjon- og jordmortenesta går gjennom alle digitale brev, og sørger for at dei som ikkje har kome fram blir leverte til mottakar.

– Det er svært beklageleg at brev frå helsestasjonen til eksterne mottakarar i ein periode ikkje har kome fram, seier Kjersti Risa Marøy, tenesteleiar for helsestasjon- og jordmortenesta.

Helsestasjon- og jordmortenesta har oversikt over alle brev og all informasjon i pasientjournalsystemet, og ingen dokumentasjon har vore på avveie eller har gått tapt.

Oppdaga gjennom rutinekontroll

Etter ein manuell kontroll av utgåande digitale brev frå helsestasjon- og jordmortenesta, oppdaga dokumentsenteret at brev ikkje hadde gått gjennom systemet slik dei skal.

Dette gjeld i perioden 27. oktober til 11. desember 2023. Feilen vart meldt til ekstern leverandør av arkivtenesta, 8. desember. Årsaka til feilen er funnen og er retta opp i. 

Feilen gjeld ikkje tilvisingar og dialog med andre helsetenester, fastlegar og spesialisthelsetenesta. Denne kommunikasjonen går via andre system og har fungert som normalt heile tida.

Går gjennom alle digitale brev

Helsestasjon- og jordmortenesta går gjennom alle brev som var registrerte i pasientjournalsystemet, men som ikkje kom fram til mottakar i denne perioden.

Dei har funne følgjande:

  • 11 brev som ikkje er sendt til barnevernet. To av desse er bekymringsmeldingar til barnevern. Ni av dei er svar til barnevernet i saker der barnevernet har spurt om opplysningar knytt til saker dei undersøker. Barnevernet fekk tysdag 11. desember overlevert breva fysisk, og dokumentsenteret har skanna dei inn i systemet.
  • Eitt referat frå eit samarbeidsmøte som ikkje er kome fram til ein forelder. Dette er no sendt per post. 

Det er god dialog mellom barnevernet og helsestasjon- og jordmortenesta. Informasjon som ikkje kom fram til barnevernet når det skulle, er tatt hand om no.

– For å vere sikker på at alle digitale brev er blitt sendt, går vi gjennom all aktivitet i systemet tilbake til når vi byrja å bruke det, som er 12. juni 2023, opplyser Risa Marøy.