HjemNyheiterDette skjer i vinterferien

Dette skjer i vinterferien

Bli med på teikneverkstad, open hall eller ein dag på skytebana.
Publisert: 16.02.2024
Sist endra: 19.02.2024

I vinterferieveka, frå måndag 26. februar til fredag 1. mars arrangerer Ung Alver og Alver bibliotek ulike aktivitetar for barn og ungdom. 

Dei minste kan mellom anna vere med på ulike hobby-verkstader og lesestund på biblioteka. 

Ungdom frå 8. klasse til 18 år kan få prøve seg på skytebana til Seim skyttarlag. 

Og alle er velkommen til open hall i Radøyhallen, Alverhallen, Lindåshallen og Nordhordlandshallen.