HjemNyheiterBli med på julegåveaksjonen

Bli med på julegåveaksjonen

Vil du vere med å bidra til at born i familiar som har økonomiske utfordringar får ei fin jul? Eller kanskje ynskjer du å motta gåve eller matkasse frå julegåveaksjonen?
Publisert: 13.11.2023
Sist endra: 06.12.2023

Ynskjer du å bidra med gåver kan du leggje dei under juletrea på følgjande stader: 

  • Frekhaug, i gangen utanfor Max Fitness
  • Knarvik, utanfor Nordli i Amfi Knarvik
  • Lindås nærsenter
  • Ostereidet Kro
  • Manger, kommunehuset og på biblioteket.

Ynskjer du i gi Vipps-bidrag, send til 128462, merk med "Jul".

Frist for å gi er 13. desember.

Vil du motta frå julegåveaksjonen?

Slit du med å få endane til å møtast? Bur du i Alver kommune? Då er du hjarteleg velkommen til å melde deg som mottakar av gåve til barn mellom 0-18 år, og/eller matkasse med julemat. Du treng ikkje ha barn for å motta julekasse, men barnefamiliar vil bli prioritert ved stor pågang.

Trykk her for påmeldingsskjema

Frist for påmelding er 3. desember.

Alle henvendingar blir behandla konfidensielt. Har du spørsmål? Send til e-post: julegaveaksjonen@alver.kommune.no