HjemNyheiterAktivitetar for barn og unge i haustferien

Aktivitetar for barn og unge i haustferien

Bli med på hobby- og teikneserieverkstad, redesign, open hall og skatedag.
Publisert: 04.10.2023
Sist endra: 04.10.2023

I haustferieveka er det mykje som skjer på biblioteka i kommunen. I tillegg er det open hall, og BUA på Manger og Frekhaug har utvida tilbod. 

Dette skjer på biblioteka

Måndag 9. oktober:

  • Kl. 11–15: Sjølvgåande hobbyverkstad på biblioteket på Manger og i Knarvik. Kom og lag noko fint på biblioteket!
  • Kl. 12–14: Redesignverkstad med Victoria på biblioteket i Knarvik. Biblioteket kasserer innimellom gamle og øydelagde bøker, men på denne verkstaden gjer me gamle bøker om til noko nytt. Ved hjelp av stoff, lim, saks og gamle bøker skapar me det som er brukt om til vesker, mapper og anna.

Tysdag 10. oktober: 

  • Kl. 11–15: Sjølvgåande teikneserieverkstad på biblioteket på Manger og i Knarvik. Kom og lag din eigen teikneserie i haustferien! Vi set fram teikneserieark du kan fylla i sjølv, teikneutstyr og framgangsmåte for korleis du kan laga din eigen teikneserie.
  • Kl. 12–14: Kreativ akvarellmaling med Maja på biblioteket i Knarvik. Biblioteket har maleutstyr til akvarell, kom og mal det du har lyst til. Maja hjelper til og viser tips og triks. 
  • Kl. 12–14: Redesignverkstad med Victoria på biblioteket på  Manger. Biblioteket kasserer innimellom gamle og øydelagde bøker, men på denne verkstaden gjer me gamle bøker om til noko nytt. Ved hjelp av stoff, lim, saks og gamle bøker skaper me det som er brukt om til vesker, mapper og anna.

Onsdag 11. oktober:

  • Kl. 11–15: Sjølvgåand perleverkstad på biblioteket i Knarvik. Lag deg eit flott perlesmykke, armband eller nøkkelring.
  • På barneavdelinga finn du teiknesaker, lego, duplo og ulike brettspel.

Torsdag 12. oktober: 

  • Kl. 11.00–13.30: Alver bibliotek sitt Magiske Akademi i Knarvik. Barn i 5 til 7 klasse er velkommen til å bli studentar i biblioteket sitt Magiske Akademi. Lær magihistorie, eliksirer, kryptozoologi og lag din eigen tryllestav. Påmelding til bibliotek@alver.kommune.no (Kun 16 plassar).

Fredag 13. oktober

  • Kl. 11–15: Redesignverkstad i Knarvik. Sjølvgåande redesignverkstad på biblioteket i Knarvik og på Manger. Kom og lag nye ting av gamle bøker. Me legg fram ark frå kasserte bøker med fine motiv som kan klippast ut og limast på kort, bokmerke eller noko anna. Hobbysaker ligg framme.

Ung Alver sitt tilbod

  • Måndag 9. oktober: Open hall i Alverhallen kl.13.00–17.00 for alle.
  • Tysdag 10. oktober: Open hall i Lindåshallen. Kl.13.00–17.00 for alle, kl. 17.30–20.00 for ungdom.
  • Kl 13.00 er det høgtlesing for born på biblioteket på Lindås. Dette er eit samarbeid mellom Ung Alver og strilabiblioteket. 
  • Onsdag 11. oktober: Open hall i Nordhordlandshallen. Kl.13.00–17.00 for alle, kl. 17.30–20.00 for ungdom.
  • Torsdag 12. oktober: Open hall i Radøyhallen. Kl.13.00–17.00 for alle, kl. 17.30–20.00 for ungdom.
  • Fredag 13. oktober: Skatedag på Sagstad skule med Bergen skateboardklubb. Kl.11.00–16.00. For alle. 

BUA Manger og Frekhaug har utvida opningstid: 

  • Måndag 9. oktober: kl.10.00–15.00
  • Tysdag 10. oktober: kl.12.00–19.00
  • Torsdag 12.oktober: kl.12.00–19.00

Tilboda er gratis.