HeimFaktura og rekningar

Faktura og rekningar

Betala rekning frå Radøy kommune

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle rekningar frå Radøy kommune (ikkje skattekrav) skal betalast til bankkonto 3633.54.35634 som også er oppgitt på rekninga. Ikkje gløym å oppgi aktuell KID-referanse for å sikra rask og korrekt behandling av innbetalinga di. Dersom KID-referanse manglar kan du skriva kundenummeret ditt som er oppgitt på rekninga.

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisera mottakar sin bank i Norge:

  • IBAN-KODE:  NO7836335435634
  • SWIFT/BIC-adresse:   SPAVNOBB

Kva måte vil du betala rekningane dine på?

  • eFaktura: Med eFaktura mottek du alle rekningane frå Radøy kommune ferdig utfylt rett i nettbanken din i staden for i postkassa.  Du slepp å tasta KID- og kontonummer, alt du treng å gjera er å klikke OK for å betala rekninga på aktuell forfallsdato.
  • Avtalegiro: Du kan også inngå Avtalegiro med banken din for trekk av faste rekningar pr månad.
  • Faktura pr post: Du kan også få tilsendt faktura pr epost – då må du kontakta rekneskapsavdelinga eller sende epost til faktura@radoy.kommune.no  der du opplyser om namn, kundenummer, adresse og e-postadresse.

Har du spørsmål om innbetaling av faktura?

Ta kontakt med rekneskapsavdelinga vår

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med fagavdelinga du har kjøpt tenesta hos.

  • Spørsmål om vatn-, avløp- og slamgebyr: Ring kultur- og sørvistorget tlf. 56 34 90 00 og be om å få snakka med teknisk drift-avdelinga
  • Spørsmål om feiegebyr: Ring feiaren på tlf. 416 38 821 eller kultur- og sørvistorget tlf. 56 34 90 00.
  • Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med barnehagen til barnet  ditt
  • Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med skulen til barnet ditt
  • Spørsmål om faktura eller gebyr for andre tenester: kultur- og sørvistorget tlf. 56 34 90 00.

Tilskot og gåver

Andre innbetalingar til kommunen (der det ikkje er sendt faktura) skal du betale til konto 3636.07.00776.

Merk innbetalinga, til dømes med tilskot eller gåver.

Senda faktura til Radøy kommune

Radøy kommune krev elektronisk faktura i såkalla "EHF-format" på alle typar innkjøp og bestillingar.  Her er viktig informasjon om kva som skal til for at verksemda di skal kunne senda elektronisk faktura til Radøy kommune.

EHF er ei forkorting for Elektronisk HandelsFormat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Radøy kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. 

Her kan du lese meir om ordninga:

EHF-standarden er forankra i Forskrift om IT-standard i offentleg forvaltning.

Les meir om ordninga på nettsidene til Difi:  Om elektronisk faktura

Radøy kommune sitt organisasjonsnummer er:  954 748 634

Kan du ikkje verksemda di levere ein EHF?

Sende faktura på epost til faktura@radoy.kommune.no

Sender du faktura på denne måten, hugs å få med følgjande opplysningar:

  • Firmanamn, organisasjonsnummer,  meirverdiavgiftspesifikasjon, fakturanummer, fakturadato, forfallsdato, fakturasum, bankkonto og eventuelt KID

Sist oppdatert: 18.12.2018
Publisert: 20.11.2018