HeimKoronaKoronavaksine

Koronavaksine

Vi treng oversikt over kven av våre innbyggjarar som ønskjer tilbod om koronavaksinen.

  • Er du over 18 år og ikkje i ei av risikogruppene? Registrer deg for koronavaksinasjon. Dette gjeld ikkje deg som allereie har fått time.
  • Er du mellom 18 og 64 år og i ei av risikogruppene på grunn av underliggande sjukdom? Du treng du ikkje registrere deg eller ta kontakt med fastlegen din/kommunen. Vi har fått lister frå fastlegene over kven som tilhøyrer risikogruppe 5-7. Er du i ei av desse gruppene, får du ei tekstmelding med time til vaksinering i Nordhordlandshallen.

Her kan du registrere deg for koronavaksine.

I veke 14 sendte vi eit brev til alle innbyggjarar som er født i perioden 1957-2003. Vi har endra brevet med ny informasjon om vaksinasjon av risikogruppene.

Du som har fått brevet treng ikkje registrere deg på nytt om du har registrert deg tidlegare. Du treng heller ikkje registrere deg om du allereie er vaksinert eller har fått time til vaksinering.

Brev til innbyggjarar født i perioden 1957-2003.

 

Status for vaksinasjon i Alver

Status 16. april 2021

  • 4465 innbyggjarar har fått første dose, 1392 av desse er ferdigvaksinerte. Vi følgjer lista til Folkehelseinstituttet. I løpet av veke 15 har dei fleste av dei som er født i 1954 fått dose 1. I veke 16 startar vi å vaksinere innbyggjarar i risikogruppe 5.
  • 767 tilsette i helsesektoren har fått første dose, 259 av desse er ferdigvaksinerte. Det betyr at vi er i mål med første dose til alt kritisk helsepersonell.
Vaksinestatistikk veke for veke
Vekenummer Innbyggjarar - dose 1 Innbyggjarar - dose 2
Veke 15 1080  
Veke 14 858 12
Veke 13 351 102
Veke 12 401 96
Veke 11 353 6
Veke 10 70 215
Veke 9 84 112
Veke 8 18 24
Veke 7 177 243
Veke 6 230 40
Veke 5 340 108
Veke 4 150 116
Veke 3 40  
Veke 2 88  
Veke 1 118  
Total 4358 1074
Smittevernråd for ramadan

Helsestyresmaktene har laga råd om vaksinasjon og sosiale samankomster under ramadan.

Trykk her for å lese meir om smittevernråd for ramadan på nettsida til Folkehelseinstituttet.

Biverknadar og symptom etter vaksinen

Legemiddelverket ber alle som har fått AstraZeneca-vaksine dei siste 14 dagane om å ta kontakt med legevakt eller fastlege om dei opplever auka sjukdomskjensle med fleire blå flekkar meir enn tre dagar etter vaksinasjon.

Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet har laga ei oversikt over kva som er vanlege biverknadar etter AstraZeneca-vaksinen og når dei må ta kontakt med lege.

Trykk her for å lese om biverknadar etter AstraZeneca-vaksinasjon på fhi.no.

Alle vaksinar har biverknadar, dei fleste er milde og forbigåande.

Trykk her for å lese om biverknadar etter koronavaksine på helsenorge.no.

Vaksinering av risikogrupper med underliggande sjukdomar

Trykk her for å sjå Folkehelseinstituttet sin liste over risikogruppene.

Er du mellom 18 og 64 år og i ei av risikogruppene på grunn av underliggande sjukdom? Du treng du ikkje registrere deg eller ta kontakt med fastlegen din/kommunen. Vi har fått lister frå fastlegene over kven som tilhøyrer risikogruppe 5-7. Er du i ei av desse gruppene, får du ei tekstmelding med time til vaksinering i Nordhordlandshallen.

Bur du i Alver og har fastlege i ein annan kommune? Sjekk den aktuelle kommunen sin nettside for informasjon om korleis du får koronavaksinasjon frå fastlegen din. Dersom du ikkje finn svar på nett, kan du ta kontakt med vaksinasjonstelefon til:

  • Bergen kommune: 55 56 77 00
  • Osterøy kommune: 56 19 22 77
  • Austrheim kommune: 56 16 82 00
  • Modalen kommune: 56 59 90 40

Dersom du ikkje kan få vaksine hos fastlegen din i ein annan kommune eller du ikkje har fastlege, ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Registrer deg for koronavaksine (massevaksinasjon)

Alle som er født i 2003 eller tidlegare, som ikkje er i ei av risikogruppene med underliggande sjukdommar, kan registrere seg for koronavaksine.

Her kan du registrere deg for koronavaksine.

  • Vi anbefalar at du brukar nettlesaren Chrome når du skal registrere deg eller bestille time.
  • Trykk på knappen over og logg inn med din Bank-ID.
  • Vel om du ønskjer å registrere deg sjølv eller på vegner av andre.
  • Svar på enkle spørsmål om alder, yrke og helse.
  • Du får ei kvittering på skjerm og tekstmelding når du har registrert deg.
  • Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje innbyggjarane skal vaksinerast.
  • Etter kvart som vaksinane kjem inn, vil du får ei tekstmelding med lenke til timebestilling.
  • Det kan ta lang tid frå du registrerer deg til det blir din tur.

Treng du hjelp til å registrere deg? Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00, så set dei deg i kontakt med nokon som kan hjelpe.

Kva skjer etter at eg har registrert meg?

Det kan ta lang tid frå du registrerer deg til det blir din tur.

Når det er din tur og vi opnar opp for at du kan bestille time, får du ei tekstmelding frå det digitale systemet som du registrerte deg i. I tekstmeldinga får du beskjed om kor og korleis du bestiller time til koronavaksinasjon.

Vi ventar større leveransar av koronavaksine i april og mai. Alle må difor vere klare for å møte på kort varsel.

Det er diverre oppdaga forsøk på vaksinesvindel i Norge. Ver difor nøye med kven du delar helseopplysningar med og ikkje la deg lure til å betale for koronavaksinen. Vaksinen er gratis.

Når er det din tur?

Det er usikkert når vi kan tilby vaksine til ulike grupper. Dette heng saman med kor mange dosar vi får kvar veke.

Folkehelseinstituttet har laga ei liste over kva grupper som skal prioriterast.

Sidan vi berre får 1-2 veker forvarsel på leveransane til Alver, kan vi ikkje lage ein tidsplan som visar når det er din tur.

Vi ventar større vaksineleveransar i april og mai. Alle må difor vere klare for å møte på kort varsel.

Trykk her for å sjå FHI sin liste over risikogruppene.

Trykk her for å gå til FHI sitt vaksinescenario, som visar når vi ventar å kunne vaksinere dei ulike gruppene.

På vaksinasjonsdagen
  • Ta med ID-kort (bankkort, sertifikat, pass eller liknande)
  • Vaksinen blir sett i overarmen. Det er difor ein fordel om du har på deg klede som er lette å ta av og på. Ha gjerne på deg ei korterma skjorte eller trøye.
  • Pass på at du held avstand til dei andre som også skal vaksinere seg denne dagen og følgjer smitteverninstruksjonane både utanfor og inne i vaksinasjonslokalet.
  • Sjølve vaksinasjonen tar berre nokre få minutt, men du må rekne litt tid til registrering og observasjon etter stikket. Du bør setje av minst ein time frå du kjem til du går.
Oppmøteplass og parkering

Massevaksinasjonen skjer i Nordhordlandshallen i Knarvik. Nordhordlandshallen har adresse Juvikstølen 25. Følg skilt og parkeringsvaktar i området. 

Treng du ein parkeringsplass nært hallen, anbefalar vi at du køyrer til baksida av hallen via vegen til Knarvik vidaregåande skule eller Knarvik barneskule.

Elles kan du parkere vis a vis ungdomsskulen, ved rådhuset eller bak kyrkja og gå til hallen.

Transport til vaksinasjonshallen

Helsedirektoratet har bestemt at reise til og frå vaksinering ikkje blir dekt gjennom pasientreise-ordninga.

Dette betyr at du må sørge for transporten sjølv. Dersom du ikkje køyrer bil eller kan ta buss, spør om hjelp frå familien eller nokon du kjenner. Har du TT-kort, kan du bruke dette.

Har du ingen andre moglegheiter, ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00, så skal vi hjelpe deg.

Er du sjuk på vaksinasjonsdagen?

Hald deg heime og meld ifrå til innbyggjarservice på 56 37 50 00 om du ikkje kjem, så finner vi eit nytt tidspunkt som passar.

Trykk her for informasjon om kva du skal gjere dersom du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med koronavirus.

Trykk her for sjekkliste til deg som har fått tilbod om koronavaksine.

Kva kostar det?

Vaksinen er gratis.

Ikkje meldt flytting?

Kommunen har ansvar for å vaksinere dei som bur i Alver.

Vi har ikkje namn og kontaktinformasjon til dei som ikkje har meldt flytting til kommunen.

Dersom du bur her og ikkje har rekt å melde flytting, må du ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Informasjon om koronavaksine på ulike språk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på ulike språk.[SAH1] 

Kan eg få bevis på at eg har tatt vaksinen?

Trykk her for å kome til helsenorge.no der du kan logge deg inn og skrive ut ditt vaksinasjonskort.

Følg med i våre kommunikasjonskanalar

Vi informerer om koronavaksinen i ulike kanalar, mellom anna her på nettsida, i sosiale medium, via brev/digital post, tekstmelding og media. 

Følg Alver kommune på Facebook 


Sist oppdatert: 21.04.2021
Publisert: 16.12.2020