HeimTekniske tenesterVatn og avløpSøkja om utslepp av avløpsvatn

Søkja om utslepp av avløpsvatn

Eig du bustad, hytte, turistbedrift eller liknande som ikkje er knytt til offentleg avløpsanlegg, må du ha løyve frå kommunen til å sleppa ut avløpsvatn, dersom:

  • Du har planar om å leggja inn vatn
  • Du har planar om vesentleg auke i utslepp av avløpsvatn (25 %)

Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom.

Kva du skal søkja om avheng av type og mengde avløpsvatn. Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på om du har eit utsleppsløyve, eller om du kan knytast til offentleg avløpsleidning.

Søknadsplikta gjeld også dersom du berre slepp ut gråvatn og har innlagt vatn.

Med gråvatn meiner ein avløpsvatn frå kjøkken, bad og vaskerom, men ikkje frå klosettavløp. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. 

Slik søkjer du

Søknaden skal innehalda følgjande:

  • Søknadskjema etter forureiningslova, signert av tiltakshavar
  • Søknadsskjema etter plan- og bygningslova, signert av tiltakshavar og ansvarleg søkjar
  • Situasjonsplan i målestokk 1:500 eller 1:1000 som viser plassering av avlaupsanlegget
  • Gjenpart av nabovarsel evt merknader frå naboar
  • Eventuelt samtykke om legging av leidning over annan manns grunn
  • Fråsegn om ansvarsrett og gjennomføringsplan (ansvarleg søkjar)

Her finn du søknadsskjema:

  • Søknadsskjema etter plan- og bygningslova og nabovarslingsblankettar finn du under byggesaksblankettar på dibk.no.
  • Søknadsskjema som gjeld utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn
    finn du under malar på miljokommune.no

Situasjonskart og naboliste kan du bestilla ved å senda ein e-post til: postmottak@radoy.kommune.no.

Dersom utsleppet skal gå til sjø må det godkjennast av Bergen og omland havnevesen. Søknadsskjema finn du under søknad om tiltak i sjø på bergenhavn.no.

Merknadar frå nabo

Søknaden skal sendast til:

Behandlingstid

Sakshandsaminga har ein frist på seks veker. Føresetnaden er at søknaden er fullstendig og at ingen naboar har lagt inn merknader.

Kva kostar det?

Gebyrsatsar 2019

Når anlegget er ferdigmeldt, vert slamavskiljaren registrert i den kommunale slamtømmeordninga. For bustadhus vert tanken tømd kvart 2. år og for fritisdbustader kvart 4. år. Det skal betalast årsavgift til kommunen i samsvar med gebyr årleg fastsett av kommunestyret.

Klage på vedtak

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak, kan ein klaga på vedtaket innan ein frist på tre veker frå ein mottek vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal ein føre opp kva ein ønskjer endra i vedtaket, og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje rettleiing. Den instansen i kommunen som har gjort vedtaket skal vurdere om det er grunn til å endre det.

Kva seier lova?

 


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 31.07.2018