HeimTekniske tenesterVatn og avløpSøkja om tilknyting til kommunalt vatn og avløp

Søkja om tilknyting til kommunalt vatn og avløp

Kva er søknadspliktig

  • Tilknyting til kommunalt anlegg for vatn og kloakk er søknadspliktig. Dette gjeld både ved tilknyting av eksisterande bygg, nybygg, bruksendring og etablering av nye brukseiningar.
  • Legging av stikkleidningar er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Slik søkjer du

Søknad skal sendast kommunen gjennom godkjend rørleggjarføretak. Når du søkjer om tilknytning samstundes som du sender inn byggjesak, lever du søknad om tilknyting til offentleg VA-anlegg saman med byggjesaka. 

Det skal nyttast eige skjema:

Søknadsskjema 


Saman med søknaden legg du:

  • Situasjonskart som viser tilknytingspunktet til den kommunale leidningen. Kart kan du få enten ved å sjølv skriva ut frå Nordhordlandskart.no eller du kan tinga det frå Radøy kommune (sjå nedanfor)
  • Erklæring om ansvarsrett frå rørleggjarføretaket
  • Eventuelle erklæringar t.d. erklæring med løyve til å leggja leidningsnett over privat eigedom/ erklæring med løyve til å knyta seg til privat stikkleidning
  • Ved eventuell søknad om graveløyve i offentleg veg og gategrunn gjeld Radøy kommune sine retningsliner for graving i offentleg veg- og gategrunn.

Søknaden sender du til:

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
E-post: postmottak@radoy.kommune.no

Behandlingstid

Fortløpande. I samband med byggjesøknad er tidsfristane som for byggjesakene.

Kva kostar det?

Kommunen krev eingongsgebyr for tilknyting til offentleg anlegg for vatn og kloakk. I tillegg skal det betalast årsgebyr, dvs. abonnementsgebyr og forbruksgebyr. Gebyrregulativet vert fastsett årleg i samband med budsjetthandsaminga.

Gebyrsatsar 2019

Eigarar av bustad, lagshus og hytter kan velje om dei vil betale fast forbruk (150m3) eller etter målt forbruk ved å montera vassmålar. Vassmålar leiger du hos kommunen. Abonnenten betaler alle kostnader knytta til installering og vedlikehald av vassmålarane. Det skal betalast årleg leige.

Næringsabonnentar skal betala etter målt forbruk og må kosta og installera målar sjølv.

Leveringsvilkår

Leveringsvilkåra tek for seg kva som er kommunen sitt ansvar og kva som er abonnenten sitt ansvar.

Leveringsvillkår drikkevatn og avløpstenester

Les meir

Lokal forskrift om lokale avløpsanlegg


Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 24.09.2018