Slamtømming

Slamtømming i Radøy kommune vert utført av Johnny Birkeland transport AS. Det er tømming kvart andre år for einebustadar og kvart fjerde år for fritidsbustader. Ved behov kan det bestillast ekstra tømming mot betaling. Dette må avtalast direkte med Johnny Birkeland transport AS.

Kontakt

For kontakt med JB transport går du inn på norva24.no

Når vert anlegget mitt tømt?

For å sjekka status for slamanlegget ditt, kan du nytta abonnentdatabasen.
Skriv inn gards- og bruksnummeret ditt for å sjekka når ditt anlegg sist vart tømt.

Kva kostar det? 

Gebyrsatsar 2019

Faktura for slamgebyr vert sendt ut av Radøy kommune.


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 24.09.2018