HeimTekniske tenesterFeiing og tilsyn med eldstad og skorstein

Feiing og tilsyn med eldstad og skorstein

Feiing av bustadhus

Kommunen skal feia og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. Men vi legg opp til at alle skal ha feiing og tilsyn minst kvart 6. år.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vera heime når vi kjem på tilsyn, men feiinga kan gjenomførast utan at du er heime.

Feiing og tilsyn fritidsbustad/hytte

Alle fritidsbustader med eldstad har same krav til branntryggleik som vanlege bustader. Det betyr at brannvesenet skal gjennomføra feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar og sløkkjeutstyr vert også gjeldande for fritidsbustader.

Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere på hytta når vi kjem på besøk for tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er der.

Kva kostar det?

Gebyrsatsar 2019

Kva må du gjera før feiaren kjem?

  • Ikkje fyr den dagen det skal feiast
  • Hugs å stengja spjeld og ventilar.
  • Har du peis, kan det vere lurt å henga eit vått handkle framfor opninga.
  • Set fram godkjend stige. Stigen må vere i metall.
  • Sjekk at det er stigetrinn på taket fram til skorsteinen. 

Kontakt

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 25.05.2018