Bruk av fyrverkeri

Fyrverkeri er normalt tillate på nyttårsaftan i tidsrommet 18.00 til 02.00.

Skal du sende opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du søkje brannvesenet om lov. Du må søkje minimum to veker før avfyringsdato.

Slik søkjer du

  • Send søknaden på e-post til brannsjef Stein Ove Valdersnes.
  • Dersom søknaden din blir godkjend, blir han send vidare til politiet, som tar den endelege avgjerda.

Regelverket tillèt utvida bruk av fyrverkeri etter søknad så lenge bruken ikkje medfører ulempe for tredje person eller det ikkje er andre tryggleiksårsaker som taler imot eit slikt løyve.

Når kan du få løyve til bruk av fyrverkeri?

  • Ved større runde bursdagar eller tilsvarande jubileumVed opning av arrangement eller i tilknyting til dette
  • Når vêrmessige forhold ligg til rette
  • Når bruken skjer ved lokale der det kan forventast at slike løyve blir godkjende, til dømes forsamlingshus eller hotell
    Dersom bruken blir lagd til ei privat adresse som ikkje ligg i tettbygd strøk når naboar blir varsla på førehand.

På grunn av brannfare, kan du kan ikkje rekne med å få lov til oppskyting av fyrverkeri i perioden 15. april til 15. september.

Du som bruker fyrverkeri og andre pyrotekniske effektar, pliktar å følgjer retningslinjene og bruke dette på ein måte som sikrar at det ikkje blir skade på personar eller omgivnadene.

 Kontakt

 


Sist oppdatert: 07.12.2018
Publisert: 07.12.2018