HeimSkule og utdanningSpesialundervisning og PPTPedagogisk, psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk, psykologisk teneste (PPT)

Målgruppe

Målgruppa til PPT er i første rekke barn som viser vanskar som er større enn det ein til vanleg kan venta hos barn, eller som står i fare for å utvikla særskilde vanskar. PPT driv med utgreiing av vanskar hos barn, elevar og vaksne.

Kva gjer PPT?

PPT driv med utgreiing av vanskar hos barn, elevar og vaksne, og gjev rettleiing til barnehage og skule. 

Døme på vanskar me utgreier er:

  • Lærevanskar/fagvanskar
  • Språk-og talevanskar
  • Lese-/skrivevanskar
  • Barn med redusert funksjonsevne
  • Psykiske vanskar, til dømes depresjon og angst
  • Vanskar med konsentrasjon og merksemd
  • Samspelsvanskar
  • Skulevegring
  • Sosiale utfordringar
  • Ulike typar utviklingsvanskar

PPT gjev ikkje direkte hjelp som til dømes behandling av psykiske lidingar.

Me samarbeider med foreldre og tilsette i skule og barnehage for å bidra til at barn og unge får ei god og likeverdig utvikling. Til dømes hjelper me skulen i arbeidet med å gjere undervisninga tilpassa elevane sine behov for å unngå at dei kjem til kort fagleg eller sosialt.

Foreldre og tilsette i barnehage og skule kan søkja råd i spørsmål som gjeld utvikling og opplæring for barn og ungdom. 

Korleis arbeider me på PPT-kontoret?

Vårt arbeid med barnet startar oftast med ein samtale med brukaren sjølv, eller dei som kjenner barnet best - foreldra. Deretter utfører vi ei kartlegging i samarbeid med brukaren og  dei som er i nær kontakt med barnet/den vaksne. Kartlegginga munnar ut i ei sakkunnig vurdering om kva barnet eller den vaksne treng av særskilt tilrettelegging i barnehage eller skule.

PPT driv rådgjeving til føresette og fagpersonar, førebyggjande arbeid, gjennomfører kartlegging og ulike testar, gjev hjelp til tilviste enkeltelevar så langt råd er, og tilviser vidare til 2. linjetenesta.

Alle tilsette i PPT har teieplikt.

Kontakt

Kven kan ta kontakt?

PPT startar som hovudregel med ei tilvisning i samarbeid med andre instansar som barnehage, skule, helsestasjon og lege.

PPT har jamnlege møter med barnehage og skule der føresette og kan delta. 

  • Når andre enn foreldra ynskjer at barnet skal få hjelp frå PPT, må foreldra alltid gi samtykke før det blir teke kontakt. PPT-kontoret må ha skriftleg samtykke før vi kan starta utgreiing, men foreldra er velkomne til å drøfta problem eller spørsmål når dei er usikre på utviklinga til eit barn eller ungdom. Ungdom og vaksne kan ta direkte kontakt.

Det fins eit unntak. Det er ikkje eit krav at foreldre samtykkjer når ein høyrer barn i saker etter opplæringslova § 9a-3 Psykososialt miljø. Barnet sin rett til å bli høyrt er ein sjølvsendig rett for barnet. 

Alle tenester er gratis.

Kontaktinformasjon og tilsette

PPT Radøy
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Tlf. 56 34 90 82

Tilsette
Unni Helle Nordberg 

Samarbeidspartnarar

PPT samarbeider med andre kommunale tenester som barnevern og helsestasjonar. Eksterne samarbeidspartnarar er til dømes Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk for Nordhordland (BUP) og Statped Vest.

Vidaregåande skule

Elevar i vidaregåande skule må vende seg til den fylkeskommunale tenesta.

Kva seier lova

Lovgrunnlag

Opplæringslova §5-6/ barnehagelova §19
PPT skal hjelpe barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn/elevar med behov for særskilt tilrettelegging. PPT skal sørgje for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering (§5-3 og §19a) der lova krev det. Departementet kan gje forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

Opplæringslova

Barnehagelova


Sist oppdatert: 06.12.2018
Publisert: 02.08.2018