Skuleskyss

Rett til skuleskyss?

Retten til gratis skuleskyss gjeld dersom avstand mellom heim og skule er meir enn:

  • 2 km for 1. klasse i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskulen

Avstanden vert målt frå dør til dør og langs kortaste veg, gang- eller sykkelsti der det er mogleg å gå. Avstandskravet er absolutt. På kartet til Skyss  kan du kontrollmåla avstanden. 

Dersom eleven vert søkt inn på på ein annan skule enn skulen han/ho soknar til, må foreldre/føresette sjølv dekka eventuelle ekstra skysskostnader.

Delt bustad

Ved delt bustad kan eleven har rett på skyss frå to adresser, dersom eleven bur tilnærma like mykje hjå kvar av foreldra/føresette. Delt bustad skal vere reell og dokumenterast ved avtale. Samværsordning gjev ikkje skyssrett. Kopi av avtalen skal leverast på skulen. 

Skjema for avtale om delt bustad

Særleg farleg skuleveg

Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. 

Funksjonshemma elevar eller mellombels skada eller sjuke elevar

Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skada eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag. Legeerklæring skal leggjast ved søknaden.

Skjema for legeerklæring

Skyss til private skular

Elevar ved private grunnskular som mottek statsstøtte, har rett til skyss etter nemnde reglar. Retten gjeld berre for den delen av skulevegen som ligg innanfor eleven sin bustadkommune.

Meir informasjon

Skuleskyss - handbok for grunnskular

Ofte stilte spørsmål

Kontakt

Har du spørsmål om skuleskyss, kontakt den aktuelle skulen. 

Skulane i Radøy.


Sist oppdatert: 03.08.2018
Publisert: 23.05.2018