HeimSkule og utdanningSkulehelseteneste

Skulehelseteneste

Skulehelsetenesta gjev råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar og kan, når det er behov for det, vise vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller til ein spesialist. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.

Helsesøster kan også delta i oppfølginga av barn med spesielle behov og delta i undervisninga.

Kva gjer helsesøster?

Helsesøster kan snakka med deg om foreldre, skilsmisser, sjukdom, mobbing, pubertet, kjæraste, vennskap, angst, depresjon, spiseforstyrring, seksuell identitet.  Prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar kan også vere aktuelle tema.

Helsesøster kan testa synet og hørselen din om foreldre eller lærarar trur at du ser eller høyrer dårleg.

Helsesøster har kontordagar på alle skulane i Radøy:

Skule Dagar Helsesøster
Radøy ungdomsskule Måndag og onsdag Henriette Sundfjord/Jannicke Helland
Manger barneskule Tysdag Henriette Sundfjord
Hordabø skule Måndag Jannicke Helland
Austebygd skule Kvar 2/3 måndag Kjersti Risa Marøy
Sæbø Skule Onsdag Kjersti Risa Marøy

Sist oppdatert: 06.12.2018
Publisert: 23.05.2018