HeimSkule og utdanningSkulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordning (SFO)

Skulefridtidsordning (SFO) er eit tilbod til skuleelevar i grunnskulen.  

Kven er tilbodet for?

  • Elevar i 1.-4. klasse
  • Barn med særlege behov i 1.-7. klasse

Kva får du?

Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver. SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samabreid med heim og skule, gi dei eit godt gurnnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

  • Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
  • Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
  • Du vel sjølv kor mange timar du ønskjer kvar veke. Skulane har ulike tilbod. Ta kontakt med skulen din for å høyre kva opningstider SFO har, og kva timetal du kan søkje på.

Kva skular har tilbod og når?

Det er SFO-tilbod ved alle barneskulane frå 07.30-16.30.

SFO-tilbod i 11 månader i året:

  • Manger skule
  • Sæbø skule

SFO-tilbod 10 månader i året:

  • Austebygd skule
  • Hordabø skule

I feriar kan elevar ved Austebygd og Hordabø få plass på SFO ved Manger eller Sæbø skular. 

Kva kostar det?

  Pris 
10 månader i året  
Inntil 10 timar i veka kr 1943
10 til 15 timer i veka kr 2512
Over 15 timer i veka kr 2990
11 månader i året  
inntil 10 timar i veka kr 2138
10 til 15 timer i veka kr 2763
Over 15 timer i veka kr 3289
Gebyr ved for sein henting  
Sats kr 100 
Kjøp av ekstra timar  
Sats kr 50
Søskenmoderasjon  
Barn nummer 2 30 prosent rabatt
Barn nummer 3 og fleire 50 prosent rabatt

Prisane gjeld til 1. august 2019.

Faktura vert sendt ut ti månader i året. Søskenmoderasjon gjeld berre for fast månadsbetaling. Søsken må bu saman fast og ha same bustadasdresse i kommunen for å få innvilga søskenmoderasjon. Vi definerer søsken som heilsøsken, halvsøsken og stesøsken.

Dagsats gjeld for tilfeldige heile dagar for fast tilmelde og andre. Dagsatsen gjeld for heile året, også onsdagar, men skal ikkje vere ei fast ordning.

Slik søkjer du

  • Du får informasjon og søknadsskjema på skulen ved innskriving eller ved å ta kontakt med skulen din
  • Ta kontakt med skuleleiinga på den aktuelle skulen om du er ny i kommunen

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mars. Alle som søkjer innan fristen skal ha plass på SFO.

Søkjer du etter søknadsfristen, kjem du på ei venteliste. 

Slik seier du opp plassen

Dersom du vil seie opp plassen din før skuleåret er slutt er oppseiingsfristen tre månader rekna frå den 1. i månaden etter at vi har tatt imot oppseiinga. Den skriftlege oppseiinga sender du til skulen din. Vi har ikkje eit eige skjema til oppseiing av SFO-plass. Oppseiinga må vera datert, innehalda barnet sitt namn og underskrift.

Barn som flyttar internt i kommunen, og som har plass i SFO, skal få tilbod om plass på SFO ved den skulen dei flyttar til.

Kva seier lover og vedtekter?

Kontakt

Ta kontakt med den aktuelle skulen for meir informasjon. 

Kontaktinformasjon til skulane


Sist oppdatert: 25.04.2019
Publisert: 26.07.2018