Permisjon frå undervisning

Fråvær og permisjon

Elevane har møteplikt til alle timar på alle årstrinn. Dokumentert fråvær i grunnskulen er permisjon innvilga av skulen eller sjukdom. 

Skulen kan gje ein elev permisjon frå opplæringa i inntil to veker kvart skuleår. Føresetnaden er at det er forsvarleg å gje eleven fri. 

1-3 dager: Søknad skal skrivast i meldeboka. Kontaktlærar kan innvilag permisjonen. 

4-10 dager: Søknad skal sendast skulen. Rektor handsamar søknaden. 

Hovudregelen er at alt fråvær på ungdomstrinnet skal førast på vitnemålet. For inntil 10 skuledagar per år kan eleven likevel kreva at fråvær ikkje vert ført på vitnemålet. Dette gjeld berre dersom fråværet skuldast helsemessige grunnar som er dokumentert ved fråsegn frå lege eller at skulen har gjeve permisjon. 

(Opplæringsloven § 2-13 og forskrift til opplæringsloven kap.3)

Elevar som er i utlandet i meir enn to veker

Elevar som er i utlandet i meir enn to veker vert skrive ut frå skulen og inn igjen når dei kjem attende. 

Les meir på Utdanningsdirektoratet si side om elevar i utlandet.


Sist oppdatert: 06.12.2018
Publisert: 03.08.2018