Slik kan du påverka

Du kan freista å påverka ved å:

Det er spørjetime i kommunestyret to gonger i halvåret. Her kan folkevalde, publikum og presse stilla spørsmål til ordføraren.Tidspunktet for spørjetimen vert kunngjort saman med møta. Spørjetimen varer normalt inntil ein time. Ordførar avgjer om det i enkelte tilfelle skal avsetjast meir tid til spørjetimen.

​Spørsmål må vera innmelde og avklara med ordførar seinast seinast seks timar før møtet. Dei som ynskjer utfyllande svar, må melda spørsmåla til ordføraren seinast 48 timar før møtet. Spørsmålstillar får høve til eitt oppfølgingspørsmål.

Det kan ikkje stillast spørsmål om saker som står på saklista til kommunestyremøtet, og spørsmål kan ikkje realitetshandsamast i møtet.

Politisk reglement vedteke i kommunestyret 8. desember 2016.

Spørsmål kan sendast pr post til Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger, på e-post til postmottak@radoy.kommune.no eller via elektronisk skjema.

Som innbyggar kan du fremja saker til behandling i kommunestyret og fylkestinget. 

Eit forslag må ha støtte frå minst to prosent av innbyggjarane. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid nok. Det må klart gå fram at underskrivarane gir si støtte til det som forslaget går ut på.

Du må formulera eit forslag om det du ønskjer kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til. Forslag kan også fremjast av personar under 18 år.Ta gjerne kontakt med kommunen for meir rettleiing.

Når du har samla inn tilstrekkeleg med underskrifter kan du senda lista til kommunen. Du kan også nytta Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) sin nettportal for innbyggar-initiativ www.misak.no.

Innan seks månader etter at det har vorte fremja, skal kommunestyret ta stilling til forslaget. 

 

Ynskjer du å påverka ei sak som skal til politisk handsaming, kan du ta kontakt med politikarane.


Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 27.07.2018