Planprogram for arealdelen i kommuneplanen på høyring

15. juni 2022 vedtok utval for areal, plan og miljø at vi skal starte arbeidet med arealdelen i kommuneplanen og leggje planprogrammet ut på høyring og offentleg ettersyn (sak 092/22).

Vedtak:
I samsvar med plan- og bygningslova § 11-12 og § 11-13 vedtek utval for areal, plan og miljø oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, og å leggje ut planprogram for kommuneplanen sin arealdel til høyring og offentleg ettersyn. Arealplanen skal til 1.gangs handsaming innan sommaren 2023.

Kva er kommuneplanen sin arealdel?

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. 19. mai 2022 vedtok kommunestyret i Alver samfunnsdelen. Samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida – og kva vi må gjere for å koma dit. No arbeider vi med kommuneplanen sin arealdel for Alver. Arealdelen seier korleis vi skal utvikle areala våre, kva vi skal leggje til rette for kor i kommunen, til dømes kor vi skal byggje nye hus, vegar, møteplassar og næring.

Kva er eit planprogram?

Alle planar med vesentleg verknad for miljø og samfunn skal ha eit planprogram, jf. plan- og bygningslova §4-1. Planprogrammet skal vise planområdet, føremål med planen, kva tema som skal vurderast, utgreiingsbehov, korleis planarbeidet er organisert, opplegg for medverknad og framdriftsplan.

Høyringsutkast til planprogram med vedlegg:

Trykk her for planprogram for kommuneplanen sin arealdel  

Trykk her for protokoll frå utval for areal, plan og miljø 15. juni 2022

Kva trenger du å vite for å gje innspel til planarbeidet?

Planprogrammet setter rammer for kva innspel som skal vurderast i planarbeidet og korleis vi vil vurdere innspela. I kap. 5 i planprogrammet står det meir om kva vi særskilt ønskjer innspel på og korleis vi vil vurdere innspela.

Vi opnar ikkje opp for innspel i følgjande delområder:

Det vert ikkje opna opp for å vurdere innspel på akvakultur og fiskeri i sjø. Alver kommune sine sjøareal vert fastsett i pågåande arbeid med Interkommunal plan for sjøareal.

Slik kan du kome med innspel

Fristen for å kome med innspel er 15. september 2022.

Har du innspel til planprogrammet? Eller har du innspel til korleis du vil utvikle eigedomen din, eller korleis vi skal utvikle areala våre? 

Du kan gje innspel på fire ulike måtar:

Merk innspelet med «Innspel til kommuneplanen».

Viss innspelet gjeld eit konkret areal, ber vi om at du legg ved eit kartutsnitt.

Trykk her for å sjå vår rettleiar for korleis du kan lage eit slikt kartutsnitt.

Kartutsnittet legg du ved innspelet som vedlegg.

Alle innspela til kommuneplanen blir publisert på postlista til kommunen og vil vere offentleg tilgjengelege som ein del av planarbeidet.

Kva skjer vidare?

Vi les og vurderer alle innspela.

Innspel til planprogrammet vert handsama i politisk sak om planprogrammet. Kommunestyret vedtar planprogrammet til hausten.

Deretter startar arbeidet med arealdelen i kommuneplanen for fullt. Innspel til planarbeidet vert handsama som ein del av planarbeidet. I planarbeidet vil vi invitere til samtalar og diskusjon. Vi kjem tilbake med meir informasjon om arbeidet, som vi håpar du vil ta aktivt del i.

Framtida til kommunen er framtida di. Difor er det viktig for oss å høyre kva du meiner!

Har du behov for hjelp eller har spørsmål?

I august og september vil vi ha opne kontordagar på Manger, Frekhaug og Knarvik, frå kl. 10 til 18:

  • Onsdag 24. august på kommunehuset på Frekhaug
  • Onsdag 31. august på kommunehuset på Manger
  • Torsdag 8. september på innbyggarservice i Knarvik senter

Send gjerne ein e-post til Marte.Hagen.Eriksrud@alver.kommune.no for å avtale tidspunkt for møte.

Trykk her for å lese meir om arbeidet med arealdelen i kommuneplanen. 

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Marte Hagen Eriksrud i Alver kommune på e-post Marte.Hagen.Eriksrud@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 04.08.2022
Publisert: 24.06.2022