HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOppstart av detaljregulering for Lindås gravplass

Oppstart av detaljregulering for Lindås gravplass

Frist for å kome med innspel til arbeidet er 9. august 2023.
Publisert: 15.06.2023
Sist endra: 04.07.2023

Vi varslar med dette oppstart av detaljreguleringsplan for Lindås gravplass nedre, gardsnummer 108, bruksnummer 627 i Lindås tettstad.

Føremålet med reguleringsplanen er å detaljregulere arealet på gards- og bruksnummer 108/627 og 586 til utviding av den nedre gravplassen på Lindås til grav og urnelund med prosesjonsveg mot kyrkje i sør og vegtilkomst frå Kolåsvegen.

Eigedomane gbnr 108/627, 586 er i overordna plan avsett til grav og urnelund. Gbnr 108/36 er avsett til bustad, medan resterande areal ligg som blågrøn struktur. Planområdet er om lag 44 daa og omfattar i hovudsak arealet mellom Lindåsvegen i sørvest, Fonnebustvegen  i aust og Kolåsvegen i nord.

Planområdet er i dag omfatta av detaljreguleringsplanen for Reguleringsplan for Riksveg 568 gjennom Lindås tettstad (supplert av KDP Lindås) og Detaljregulering for Fv.57 med gang-og sykkelveg Lindås tettstad –Mongstad.

Forslagsstillar for planarbeidet er Alver kommune. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Grunneigarar og naboar vert varsla direkte med brev.

Les dokumenta her

Slik kan du komme med innspel

Har du innspel til oppstart av arbeidet, kan du sende det til ABO Plan & Arkitektur AS på:

Frist for å komme med merknad til oppstart er 9. august 2023.