HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedtatt reguleringsplan for Galteråsen næringsområde

Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for Galteråsen næringsområde

Klagefrist er sett til 24. juli 2023.
Publisert: 30.06.2023
Sist endra: 30.06.2023

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre den 22.6.2023, i sak 074/23, vedtatt følgjande detaljreguleringsplan:

Galteråsen næringsområde, gbnr. 137/832 mfl. PlanID 46312021002

Hovudføremålet med planframlegget er å regulere eit næringsområde.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart - 24.5.2023
  2. Føresegner - 24.5.2023
  3. Planskildring m komplett ROS - 24.5.2023
  4. Konsekvensutredning - 29.3.2023
  5. Illustrasjonsplan -16.3.2023
  6. Illustrasjon tilstøtande planer - 24.5.2023
  7. Terrengsnitt og turveg - 17.3.2023
  8. Trafikkanalyse - 15.5.2023
  9. Støyrapport - 3.3.2023
  10. Massehandteringsplan - 28.2.2023
  11. Klimarekneskap - 25.4.2022
  12. VAO-rammeplan - 25.2.2022
  13. Merknadsskjema oppstart - 25.11.2021
  14. Merknader oppstart - 22.11.2021
  15. Merknadsskjema offentleg ettersyn - 24.5.2023
  16. Uttaler offentleg ettersyn - 20.10.2021
  17. Saksframlegg 1 ghs - 15.6.2022
  18. Saksframlegg m planvedtak - 22.6.2023

Om klage og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36.

Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt.

Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

  • Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning , postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
  • som e- post til post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 24. juli 2023

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.