Kunngjering av vedtatt detaljreguleringsplan - Grøn omstilling av Mongstad

KUNNGJERING AV VEDTATT REGULERINGSPLAN

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 16.6.2022, i sak 080/22, vedtatt følgjande reguleringsplan:

Detaljreguleringsplan for Grøn omstilling av Mongstad, PlanID 46312020006

Bakgrunn:

Hovudføremålet med planframlegget er å regulere areal for etablering av energitunnelar og landbasert oppdrettsanlegg, inkludert eige osmoseanlegg for produksjon av ferskvatn og biogassanlegg for handtering av fiskeslam og klekkeri/smoltanlegg. Energitunnelane sitt formål er blant anna å utnytta overskotsenergi frå raffineriet til og redusera mengda energi som trengs ved drift av oppdrettsanlegget.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart 1av3_28.4.2021
  2. Plankart 2av3_28.4.2021_rev_5.4.2022
  3. Plankart 3av3_28.4.2021
  4. Føresegner_27.4.2022
  5. Planomtale m_KU_27.5.2022
  6. ROS-analyse_6.4.2022
  7. Naturmangfaldsrapport_6.4.2022
  8. Trafikkanalyse_18.2.2022
  9. VA-rammeplan_2.2.2021
  10. Merknadsskjema offentleg ettersyn & 2 ghs_27.5.2022
  11. Uttaler offentleg ettersyn & 2 ghs
  12. Saksframlegg 1 ghs_21.4.2021
  13. Merknadsskjema oppstart og utviding
  14. Uttaler oppstart og utviding
  15. Planprogram rev-02_19.2.2021
  16. Saksframlegg 2 ghs m vedtak_16.6.2022

Om klage og medverknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

 

  • Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning
    postboks 4,
    5906 Frekhaug, eller

E-post til: post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 16.7.2022

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 24.06.2022
Publisert: 24.06.2022