HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av detaljregulering for Holme

Kunngjering av detaljregulering for Holme

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 14.12.2023, sak 220/23, vedtatt følgjande reguleringsplan:

  • Detaljregulering for Holme, gbnr. 310/39 mfl. - PlanID 125620160007

Planforslaget sitt hovudformål er bustad. Totalt er det planlagt for 20 nye bueiningar i form to- og firemannsbustader. Planområdet omfattar òg deler av fylkesveg 247 Melandsvegen med tilhøyrande gang- og sykkelveg, samt regulering av eksisterande røyrleggjarbedrift på gbnr. 310/228. I tillegg til desse inngår to eksisterande einebustader som ein del av reguleringsplanen. Eksisterande landbruksbygningar innafor området skal rivast.

Les heile planen her

Detaljregulering for Holme.

Om klage og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning. Kommunestyrets vedtak kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

  • Alver kommune v/ Planforvaltning , postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
  • som e- post til post@alver.kommune.no

Klagefrist: 03.02.2023

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2.


Sist oppdatert: 08.03.2024
Publisert: 11.01.2024