Høyring, Mangersnes bustadområde

I medhald av plan- og bygningslova § 12-11 har politikarane i tidlegare Radøy kommune ved sak 010/18 den 24.1.2018, gjort vedtak med vilkår om å leggje planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Forslagsstillar har no utforma eit planforslag i høve vilkåra i tidlegare vedtak (2018).

Ved rullering av kommunedelplanen for Radøy i 2019 vart rekkefølgekravet, punkt 2.6 til utbetring av den kommunale vegen mot Mangersneset før vidare utbygging, gjort strengare ein kva vilkåra under punkt 1 og 2 frå vedtaket i 2018 omfatta.

Forslagsstillar ynskjer ved offentleg ettersyn at kommunen og andre offentlege mynde vurdera på nytt kor omfattande krav til utbetring av den kommunale vegen med fortau må vera. Krav til utbetring av samferdsle anlegg i planen går fram av føresegna §§ 4.1 og 4.2.


Trykk her for å sjå alle dokumenta for planforslaget 

(Vel planhandsaming og under offentleg ettersyn finn du alle dokumenta)

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 1.9.2023 – 16.10.2023.

Slik kan du kome med innspel:

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til:

  • Alver kommune,
    Postboks 4,
    5906 Frekhaug.

Merknadsfrist er sett til 16.10.2023.


Sist oppdatert: 01.09.2023
Publisert: 01.09.2023