Detaljregulering for Snekkevika, gbnr. 464/41 - offentleg ettersyn og høyring

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 15.06.22, som sak 087/22, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Planområdet er på om lag 152 daa og omfattar eit område nordaust på Radøy. Forslagsstillar ynskjer å legge til rette for etablering av eit hytteområde med tilhøyrande uteareal, infrastruktur, naust og småbåthamn, samt at eit friluftsområde vert sikra. Planforslaget opnar for etablering av totalt 22 nye fritidsbustader.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Planskildring
  2. Føresegner
  3. Plankart
  4. ROS-analyse
  5. KU Naturmangfald og klima
  6. Merknadsskjema
  7. VA-Rammeplan
  8. T-VA-H1-revA
  9. Situasjonsplan og illustrasjoner
  10. Vegteikningar_samla
  11. Møtereferat- arbeidsmøte
  12. Avklaring av planinitiativ
  13. Vedtak


Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort på kommunen si heimeside. Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 25.06.22 – 03.09.2022.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan du sende e-post til post@alver.kommune.no eller sende brev til

  • Alver kommune,
    Postboks 4,
    5906 Frekhaug. Merknaden stilast til Planforvaltning.

Merknadsfrist er sett til 03.09.22


Sist oppdatert: 04.07.2022
Publisert: 24.06.2022