Administrativ organisering

Rådmann

Rådmann Jarle Landås er øvste leiar i Radøy kommune. 

Oppgåver og mynde for rådmannen er nedfelt i Kommunelova § 23.

For meir informasjon om kva mynde kommunestyret i Radøy har delegert til rådmannen, sjå politisk reglement med delegering til politiske organ og rådmannen . I samsvar med delegasjonsreglementet for Radøy kommune kan rådmannen vidaredelegera mynde og oppgåver til andre i den administrative organisasjonen.

Organisering

Frå 1. januar 2014 er kommunen organisert i tre sektorar under kvar sin kommunalsjef. Desse sektorane er drift og forvaltning, helse og omsorg og oppvekst. I tillegg kjem stabsfunksjonane, som er direkte underlagt rådmannen.

I kvar sektor er det fleire tenesteområde med kvar sin tenesteleiar. 

Drift og forvaltning

Sektoren drift og forvaltning har ansvar for å planlegga, drifta og forvalta det fysiske miljøet i kommunen. Vidare har einingane i denne sektoren ansvar for brannvern og redningstenester, for å yta sørvis og tenester både internt og eksternt, og å tilby gode kulturella tenester for innbyggjarane i Radøy kommune.

Sektor for drift og forvaltningar har følgjande tenesteområde: 

  • Teknisk drift
  • Teknisk forvaltning
  • Radøy brannvern
  • Løn og rekneskap
  • Kultur- og sørvistorget
  • Frivilligsentralen
  • Radøy bibliotek

Helse og omsorg

Helse og omsorg yter tenester til innbyggjarar i alle aldrar, og i alle fasar av livet. Tenestene omfattar både helsefremjande og førebyggjande tiltak, og omsorg og pleie når behovet for dette melder seg.

Sektor for helse og omsorg har følgjande tenesteområde: 

  • Barneverntenesta (slått saman med Lindås og Meland kommunar)
  • Heimetenesta
  • Helsehuset (legesenter, helsestasjon, fysioterapi, jordmor)
  • NAV Radøy
  • Omsut
  • Psykisk helse
  • Radøy matsørvis
  • Radøy interkommunale busenter
  • Velferdssenteret

Oppvekst

Sektoren oppvekst har i hovudsak ansvar for barnehage, skule, musikk- og kulturskule, PPT og ungdomskoordinatoren i kommunen. I tillegg omfattar tenestene vaksenopplæring og særskild språkopplæring for elevar og vaksne frå språklege minoritetar.

Sektor for oppvekst har følgjande tenesteområde: 

  • Prestmarka barnehage
  • Bø barnehage
  • Sæbø barnehage
  • Austebygd skule og barnehage
  • Manger skule
  • Sæbø skule
  • Hordabø skule
  • Radøy ungdomsskule
  • Radøy musikk- og kulturskule
  • PPT

I tillegg ligg ungdomskoordinatoren under sektor oppvekst, men er ikkje eige tenesteområde. 

Stabsfunksjonar

Dei avdelingane/funksjonane som i Radøy kommune er plassert i stab er:

  • IKT og beredskap
  • Personalsjef
  • Økonomisjef 
  • Kommuneoverlege
  • Løn og rekneskap (slått saman med Lindås og Meland kommunar)

Interkommunalt samarbeid

Kommunane i Nordhordland har eit omfattande regionalt samarbeid innanfor mange fagfelt. Samarbeidet er viktig for å kunna levera gode tenester til inbyggjarar og besøkjande, og for å setja nordhordlandskommunane på kartet.

Radøy kommune er med i Nordhordland Utviklingsselskap IKS, som er eigd av  Meland, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen, Osterøy, Modalen og Lindås, i tillegg til Radøy. Samarbeidsorganet er kommunane sitt verkty for felles innsats på fleire store område. Utviklingsselskapet har merkenamnet Region Nordhordland, og er knytt opp til det strategiske organet.

Interkommunalt samarbeid
Kommunane i Nordhordland har eit omfattande samarbeid innanfor mange fagfelt. Samarbeidet manifisterer seg på mange ulike måtar; t.d. gjennom interkommunale selskap, akskjeselskap, kjøp av tenester mellom kommunane og fagleg samarbeid.

Nokre av dei interkommunale samarbeida Radøy er med i:

  • NGIR (renovasjonsselskap for Nordhordland og Gulen)
  • IKT Nordhordland (leverer IKT-tenester til nordhordlandskommunane)
  • Landbrukskontoret for Austrheim, Fedje og Radøy
  • Nordhordland legevakt
  • Aufera (Vekstbedrift organisert som aksjeselskap. Verksemda er eigd av Austrheim, Fedje og Radøy kommunar).
  • Nordhordland digitalt (Samarbeidet innan dei kommunale saksområda geodata (stadfest informasjon), plan- og byggesak).
     

Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 30.07.2018