HeimNatur og miljøForureining

Forureining

Utslepp av skadelege stoff i miljøet kan i verste fall føra til varig skade på miljøet. Kommunen har ansvar for ei rekke oppgåver knytt til forureining, og skal difor verna om og redusera belastningar på miljøet vårt.

Etter forureiningslova § 7 har alle plikt til å unngå forureining.

Har du farleg byggavfall på eigedomen din?

Avfall frå bygg- og anleggsverksemda inneheld store mengde farleg avfall og miljøgifter. Feil handsaming av avfallet kan vere ein kjelde til ureining og skada helsa vår og miljøet.

Les og om farleg bygg- og anleggsavfall på miljødirektoratet sine sider

Har du bilvrak ståande på eigedomen din?

Oppsamling av bilvrak er forureining og forsøpling og er eit problem i mange kommunar, også i Radøy kommune. Forureinar og grunneigar pliktar å rydde opp, og risikerer fengelsstraff om forureininga får halde fram.

Har du ein nedgravd oljetank?

Forureining frå nedgravde oljetankar er ei stor kjelde til grunnforureining. Frå 2020 vert fossil oljefyring forbudt og eigarar av nedgravde tankar vert oppmoda om å få desse fjerna.

Les meir på miljødirektoratet sine sider om kva reglar som gjeld

Sjå og miljødirektoratet sin retttleiar for handtering av farleg avfall

 Grenseverdiar 

Grenserverdiar for forureining er regulert i forureiningsforskrifta

Grenseverdiar for støy

Grenseverdiar for forureining i luft

Føresegn om forureining frå avløp

Kontakt

Gjeld det forureining knytt til utslepp frå private avlaupsanlegg kan du melda frå til:

Gjeld det akutt forureining og forureining frå landbruksnæringa kan du melda frå til:

Les meir


Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 30.07.2018