HeimKultur og fritidTilskotsordningar og prisar

Tilskotsordningar og prisar

Kulturmidlar

Kulturmidlar er midlar Radøy kommune set av i kommunebudsjettet kvart år til utvikling av kulturfeltet i kommunen. Retningslinene for tildeling av kulturmidlar  i Radøy kommune  legg rammene for korleis kulturmidlane skal fordelast i Radøy kommune. 

Driftstilskot til lag og organisasjonar

Tilskotet skal dekkja driftsutgifter til lag og organisasjonar som administrasjon, leige av lokale, instruktørutgifter og andre løpande utgifter. Det vert ikkje gjeve driftstilskot til lag som har som einaste formål å drifta lagshus.

Søknadsfrist 30. april 
Søknadsskjema

Aktivitets- og prosjekttilskot

Tilskot kan gjevast til opne kulturarrangement og -prosjekt, og til innkjøp av utstyr. Arrangement og prosjekt som er nyskapande, vert prioriterte. Tilskotet er behovsprøvd og kan gjevast som:

  • Underskotsgaranti
  • Direkte tilskot

Søknadsskjema

Søknadsfrist 1. mars og 1. september. 

Tilskot til leiaropplæring

Det kan gjevast støtte til lag og organisasjonar til å dekka utgifter til relevante kurs for leiarar, styremedlemer, trenarar og instruktørar i laget. Med relevante kurs meiner ein at kurset skal skal ha tilbakeføringsverdi til laget. For kurs som vert arrangerte utanfor kommunen, kan det gjevast støtte til maks tre personar frå kvart lag eller organisasjon.

Søknadsfrist heile året.

Tilskot til mindre investeringar i kulturbygg og -anlegg

Det kan gjevast tilskot til:

  • Investeringar i eigne kulturbygg og -anlegg
  • Kjøp av utstyr og materiell til eigne kulturbygg og -anlegg

Søknadsfrist 30. april

Søknadsskjema

Tilskot til idrettsanlegg

Det vert gjeve tilskot til idrettsanlegg i kommunen som er eigd av lag og organisasjonar. Tilskotet vert fordelt utan føregåande søknad etter fastsett fordelingsnøkkel.

Støtte til utøvarar på nasjonalt og internasjonalt nivå

Radøy kommune kan i heilt særskilde tilfelle gi støtte til utøvarar som er heimehøyrande i kommunen, anten einskildpersonar eller grupper, på elitenivå nasjonalt og internasjonalt innan idrett eller musikk.

Støtte kan også gjevast som stipend til unge, lovande einskildutøvarar etter oppnådde resultat primært på nasjonalt og internasjonalt juniornivå.

Søknadsfrist heile året.

Andre tilskot

Tilskot til integrering og inkludering

Lag og organisasjonar kan søkje om midlar til inkluderings- og integreringstiltak i Radøy kommune.Tilskotsordninga har som føremål å stimulere til deltaking i kultur- og fritidsaktiviteter for menneske med særskilte behov, samt for flyktningar og innvandrarar, som har behov for særskilt tilrettelegging for integrering i lokalsamfunnet. Tiltak retta mot barn og unge vert prioritert

Det kan søkjast om midlar til:

  • arrangement som krev særskilt tilrettelegging for deltaking for målgruppene.
  • andre tiltak i tråd med målsettinga for tilskotet kan vurderast særskilt.

Det vert ikkje løyvd midlar til å dekke lovpålagte tenester over tilskotsordninga.

Ramma for tildeling er kr 80 000 fordelt med kr 40 000 pr halvår. Søknadsfrist 1. mars og 1. oktober.

Ikkje-kommunale tilskotsordningar

15. januar

Tilskot til friluftsaktivitet (Miljødirektoratet/Hordaland fylkeskommune)
 

15. februar
Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for born og ungdom (Hordaland fylkeskommune)
Lokale friluftslivstiltak (Hordaland fylkeskommune)
Friluftslivets ferdselsårer (Hordaland fylkeskommune)

1. mars
Prosjekttilskot - amatør (Hordaland fylkeskommune)
Prosjekttilskot Større kulturprosjekt (Hordaland fylkeskommune)
Prosjekttilskot - kunst og kultur – profesjonell (Hordaland fylkeskommune)

1. april 
Allmennnyttige midler - Sparebanken vest (hovudsøknadsfrist)
Lokale kulturbygg (Hordaland fylkeskommune). 

4. april
Cato Plettens minnefond

1. juni

Kulturelt utviklingsprogram (Hordaland fylkeskommune)

1. september
Prosjekttilskot - amatør (Hordaland fylkeskommune)
Prosjekttilskot Større kulturprosjekt (Hordaland fylkeskommune)
Prosjekttilskot - kunst og kultur – profesjonell (Hordaland fylkeskommune)

15. september
Gjensigestiftelsen

26. oktober

Tilskot til lokal samfunnsutvikling (Liv og lyst)

1. november
Spelemidlar  (kan verta ny søknadsfrist for 2019)
 

Prisar

Kulturprisen

Radøy kommune deler kvar år ut kulturpris til einskildpersonar, grupper eller lag med tilknytning til kommunen.

Kommunestyret vedtok i møte 14. februar 2013 sak 3 nye retningslinjer for tildeling av kulturprisen i Radøy kommune.

Frist for å koma med framlegg til kandidatar er i 2019 1. september.

Frivilligprisen

Frivilligprisen skal gå til ein initiativrik person som gjennom sitt frivillige engasjement har betra trivsel og livskvalitet for andre innbyggjarar i kommunen.

Alle privatpersonar, lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Radøy, kan koma med framlegg. Med kvart framlegg må det leggjast ved ei grunngjeving som kan stø opp under kandidaturet. 

Framlegg kan sendast Frivilligsentralen, Radøyvegen 1690, 5936 MANGER. Følg med på nettsidene for frist for innsending. 

Kontakt


Sist oppdatert: 05.02.2019
Publisert: 31.05.2018