HeimKultur og fritidKulturminnevern

Kulturminnevern

Forvaltning av kulturminne

Radøy kommune vedtok kulturminneplan for Radøy kommune 2017-2027 . desember 2017. Planen er styrande for korleis Radøy kommune skal forvalta kulturminna i kommunen. 

Ta kontakt med rådgjevar kultur Bente Kopperdal Hervik om de har planar om riving, endring eller restaurering av eldre bygningar.

Tilskot til kulturminnevern

Det finst ei rekkje tilskotsordningar som vert gjeve til restaurering og i standsetjing av verneverdige bygningar. Nedanfor nemner me nokon av dei. Hugs at du kan ta kontakt med Kulturverntenesta i Nordhordland for hjelp til søknadsprosessen. Denne tenesta er gratis.

Radøy kommune sitt kulturminnefond

Radøy kommune har eit eige kulturminnefond som skal nyttast til å ta vare på verdifulle og verneverdige bygningar, kulturmiljø og andre typar kulturminne i kommunen. Søknadsfrist er 1. september kvart år.

Sjå statuttane for kulturminnefondet for meir informasjon.

Tilskot til verneverdige kulturminnne (Hordaland fylkeskommune)

Hordaland fylkeskommune deler ut midlar til verna kulturminne. Søknad skal sendast Radøy kommune innan 1. desember. Les meir på Hordaland fylkeskommune sine nettsider. 

SMIL-tilskot

SMIL-ordninga skal mellom anna bidra til å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap. Radøy kommune deler kvart år ut SMIL-midlar mellom anna til kulturminne. Det er berre føretak som har rett på produksjonstilskot som kan søkja. 

Ta kontakt med Landbrukskontoret i Austrheim, Fedje og Radøy for meir informasjon tlf. 56 34 90 17.

Norsk kulturminnefond

Norsk kulturminnefond gjev tilskot til istandsetjing av alle typar kulturminne. Søknadsfrist heile året. 

For meir informasjon, sjå kulturminnefondet sine nettsider. 

Uni-stiftelsen

Uni-stiftelsen gjev støtte til mellom anna vernenverdige bygningar. For meir informasjon, sjå Uni-stiftelsen si nettside.  

"Ta et tak"

«Ta et tak» er ein aksjon som rettar seg mot våningshus og driftsbygningar. 

Les meir på Norsk kulturarv sine nettsider

Råd og rettleiing

Kulturverntenesta i Nordhordland gir råd og rettleiing om korleis ein kan ta vare på kulturminna vi har kring oss og korleis vi kan formidle kunnskapen om desse vidare til andre. Dei bidrar med hjelp til å utarbeida restaureringsplanar, kostnadsoverslag og til skriving av søknader. Denne tenesta er gratis for private grunneigarar i Radøy kommune. 

Ta kontakt med Kulturverntenesta i Nordhordland v/Arild Sætre tlf. 55 25 18 06/950 48 705 eller på e-post arildsaetre@muho.no.

Kontakt

Sjå også facebooksida Kulturminne i Radøy kommune


Sist oppdatert: 10.12.2018
Publisert: 31.05.2018