Radøyhallen

Opningstider i 25-meters bassenget

1. september - 30. april (1. - 31.mai: offentleg bading kun tysdag og laurdag)
Tysdag 17.30-19.30 For alle
19.30-22.00 For vaksne (over 16 år)
Torsdag 17.30-19.30 For alle
19.30-22.00 For vaksne (over 16 år)
Fredag 17.30-19.30 For alle
19.30-22-00 For vaksne (over 16 år)
Laurdag 10.30-14.30 For alle


Siste offentlege bading før jul er 21. desember, 
og første opningsdag etter nyttår er 3. januar. 

Leiga Radøyhallen

For å bestilla einskildttimar i terapibassenget kontaktar du Radøyhallen på tlf. 56 34 91 40 i opningstida til bassenget.

For å leiga bassenget, terapibassenget eller idrettshallen i Radøyhallen kan du kontakta kultur- og sørvistorget på tlf. 56 34 90 00 eller e-post postmottak@radoy.kommune.no. 

Det er ikkje lov å bruka kajakkar eller anna liknande utstyr i bassenget. Dette fordi at utstyr som vert brukt andre plassar enn i basseng drar med seg bakteriar som gjer at ein i verste fall må tømma heile bassenget og rensa det.

 

Sjå kalender med oversikt over utlån.

 

Informasjon til leigetakarar 

Retningsliner for tildeling av tid i idrettshall, hovudbasseng og terapibasseng

 

Skytebana vert disponert av Radøy skyttarlag. Kontaktperson er Øystein Dalland tlf. 90618789

Ungdomens hus vert disponert av Radøy ungdomsklubb, men kan leigast etter avtale med ungdomskoordinatoren (tlf. 90 69 69 31, e-post: katarina.birkeland@radoy.kommune.no). 

Prisar i Radøyhallen

 Radøyhallen  Pris
Einskildbillett symjebasseng vaksne 60,
Einskildbillett symjebasseng born (5-16 år) 30,-
Born under 5 år er gratis  
Leige av idrettshall/symjehall for lag og organisasjoner pr time.
For prisar for born og unge i regi av idrettslag, sjå nedanfor. 
274,-
Leige av terapibasseng for lag og organisasjoner pr time 220,-
Leigetakarar utanom kommunen betaler doble satsar  
Klyppekort symjebasseng - 20 klypp 400,-
Klyppekort symjebasseng - 10 klypp 200,-
Klyppekort terapibasseng - 5 klypp 280,-
Einskildbillett terapibassenget for vaksne og born 70,-
Born under 3 år er gratis  
Leige av ungdomens hus pr dag 560,-
Leige av ungdomens hus pr helg 1120,-
Leige skytebane pr. år

 30 000,-

Fleire prisar

Aktivitetar for born og unge i idrettslag

Frå 1. januar 2019 er det gratis å leiga idrettshallen og bassenga i Radøyhallen for aktivitetar for born og unge (0-19 år) i regi av idrettslag tilknytta Radøy idrettsråd. Gratis leige gjeld faste treningar, og i tillegg arrangement som er ein del av regionen, kretsen eller idrettsforbundet sine terminfesta stevner, seriespel og turneringar. Turneringar, stemner og einskildarrangement som kjem utanom dei terminfesta aktivitetane, vert fakturert etter gjeldande satsar.

Meir informasjon om dei ulike anlegga

25-meters basseng

Sømjebassenget er 25 meter langt og 12,5 meter breitt, med ei djupna på 1,8 meter. På det grunnaste er bassenget 0,9 meter. Vatnet held komfortable 28 gradar, og bidrar til ei behageleg symjeoppleving. På bassengkanten finn ein serviceinnstilte badevaktar som vil kunna hjelpa med dei fleste spørsmål som du måtte ha. Badeleikar av ulike slag, flytebrett, baderingar og andre flyteinnretningar er fritt tilgjengelig for dei som måtte ynskja det. Urverk for symjing på tid kan nyttast

Terapibasseng

Absolutt velvære er garantert i terapibassenget, som er 7 x 4 meter med ein jamn temperatur på 34,5 grader. Bassenget er 1,6 meter på det djupaste og 0,6 på det grunnaste. I bassenget er det også ei vannmassasje-maskin (BaduJet Action) med to terapidyser for å hjelpe på stive musklar. Maskina fungerer også som motstraumsanlegg.

Det er elles eit bra utval av leikar og flyte-anretningar for baby, born og vaksne som står klar til bruk dersom du ønskjer det. Det er også senkemaskin for rullestolbrukarar. Badstu er tilgjengeleg.

For bestilling ring Radøyhallen, tlf. 56349140, i opningstidene til bassenget.

Eit privat firma arrangerer babysymjing. Kontaktperson er Tanja Thomassen, tlf. 932 86 255.

Idrettshall

Idrettshallen er 22 meter brei og 44 meter lang, og har ein tribune med sitjeplassar for 350 menneske.Scena består av element som er montérbare i ulike høgder frå 20 cm til 1 meter, med ei total flate på 80 kvadratmeter. Takhøgda er 7 meter. Hallen kan delast opp i fire mindre einingar ved hjelp av skiljeveggar.

Til bruk ved arrangement av ulike slag finst det 350 stolar og ein del bord til rådvelde. Dei seinare år er det montért ribber på kortveggane for betra lydtilhøva under konsertar og liknande musikalske arrangement. Akustikken er no svært god. Dette har gjort Radøyhallen langt meir attraktiv for slike tilstellingar og har mellom anna resultert i fleire vellukka dansegallaer og konsertar. Idrettshallen er utstyrt med taleanlegg og trådlaus mikrofon.

Hallen er oppmerkt med tre små og ei stor basketballbane, handballbane, 4 små og éi stor bane for volleyball, fire badmintonbaner, og med høve for bordtennis og tennis. I tillegg finn ein i apparatrommet eit vidt spekter av utstyr for friidrett og andre sportslege aktivitetar.

Lag og organisasjoner søkjer kommunen kvart år om lån av Radøyhallen. Frist for å søkja er sett il 15. mai og gjeld for eit skuleår. Kalendar for oversikt over aktivitetar

Skytebane

Skytebana ligg i Radøyhallen på Manger og eigar av lokala er Radøy Kommune, medan alt utstyr er Radøy skyttarlag si eige. Skytebana er godkjent av Det Frivillige Skyttarvesen og Hordaland Politikammer. Bana har seks skiver.

Desse skytingane kan føregå:

- Skyting med fin og grovpistol på 25 meter.
- Miniatyrskyting på 15 meter.
- Skyting mot viltmål på 20 meter.

Det kan nyttast ammunisjon opp til ni mm.
Skyting føregår etter oppsett terminliste. Det kan imidlertid forekoma skyting på bana utanom desse tidene, men dette vil verte kunngjort ved oppslag på inngangsdøra. (Etter instruks for skytebane 15 sept. 1988.)

Skytebana vert disponert av Radøy Skyttarlag til trening og skyttarstemne. 

Ungdommens hus

Ungdomens hus ligg i tilknytning til Radøyhallen. Ungdomens hus vert disponert av Radøy ungdomsklubb, men kan leigast av andre etter avtale med ungdomskoordinatoren (tlf. 90 69 69 31 eller e-post katarina.birkeland@radoy.kommune.no). Ungdomens hus består av opphaldsrom, kjøkken/kiosk og to toalett. Ungdomens hus har eigen inngang og inngang via tribunen i Radøyhallen. 


Sist oppdatert: 25.11.2019
Publisert: 24.07.2018